Skip to content

Eikefjord Idrettspark stenger laurdag 2. april

243508065_281972323579618_1791785944199938060_n

Laurdag 2. april startar arbeidet med å skifte kunstgrasdekket på Eikefjord Idrettspark. Som ein følge av dette er Idrettsparken(kunstgraset) stengt i ein periode framover. Torsdagkveld blir alle måla på kunstgrasbana flytta av bana.  

Grasbana vil vere tilgjengeleg for spel, men det vil vere noko avgrensa parkeringsmoglegheiter i denne perioden. 

Vi forventer at alle respekterer at Idrettsparken no blir ein anleggsplass fram til nytt dekke er klart. 

Dagens kunstgrasdekke vart lagt i 2005, og vi gler oss til nytt kunstgrasdekke!

Helsing Styret i Eikefjord Fotball