POLITIATTEST

Alle over 15 år som skal utføre ein jobb i Eikefjord idrettslag med direkte kontakt med barn under 18 år eller menneske med utviklingshemming, skal ha politiattest.

-Det gjeld deg som har nærkontakt over tid med ungar i idrettslaget, som trenarar

-Det gjeld også foreldre som er med på tur med idretten over fleire dagar.

-evt. andre etter vurdering

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Om ein har tidlegare framlagt politiattest skal denne fornyast etter 3 år. Har du hatt pause frå tillits- og ansvarsforhold må ein ha ny etter 2 år.

Dette skal gjerast i samråd med Liv Torsvik Myrvollen, liv.torsvik.myrvollen@gmail.com  / 936 19 254.

Representanten har teieplikt ovanfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

INNHENTING PÅ 1-2-3:

  1. Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for (info og søknadsskjema finn ein her), og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Denne får ein av ansvarleg for politiattest, (namn på styreoppnemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget)
  2. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
  3. Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til Liv Torsvik Myrvollen. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.