Med fotballforsikring slepp spelarane til Eikefjord å gjere som Joe Jordan- å leggje att tenna i garderoben før kamp!
Alle fotballspelarar som er registert i Eikefjord Fotball, uavhengig av alder og nivå, har same dekning under grunnforsikringa. Det vil seie at born i frå 0-13 år er dekka av grunnforsikring som har ei langt betre dekning enn NIF si Barneidrettsforsikring.
Joe Jordan
Joe Jordan er ein tidlegare skotsk fotballspelar som på 70- og 80-talet spelte for mellom anna Leeds, Manchester United og AC Milan. Han laga for mål for Skottland i tre VM på rad. Han var ein fryktlaus spelar som både fekk juling og gav juling på bana. Berre 18 år gamal mista han dei fyrste framtenna i ein reservelagskamp for Leeds då han fekk eit spark i munnen. Nokre år seinare fekk han dei to andre fortenna skalla vekk i ein hovudduell.
No er Joe Jordan assistenttrenar i Tottenham. Med fire kunstige tenner oppe har han alle tenna intakt.
PS. Grunnforsikringa dekkjer tannskader opp til 35.000 kr, medan utvida forsikring dekkjer opp til 50.000 kr.











