Kampvert


På alle heimekampane skal det vere kampvertar med eigne vestar.

Desse vestane er merka med Fair Play logo og skal brukast i samband med arrangement av heimekampar i aldersfastlagde klassar, samt på seniorkampar til Eikefjord. Dette er for at ramma rundt arrangementa skal verte mest mogleg prega av Fair Play.

Vestane finn ein i kassa inne på kontoret til banemamm Even Hamn, og skal leggjast der rett etter bruk.

Som kampvert skal du:

- Kampvertane skal være til stades og være synlige under heile arrangementet.

- Kampvertane har ansvar for å ta i mot dommarar og bortelag på ein skikkelig måte.

- Kampvertane legge til rette for at ramma rundt kampen vert prega av mest mogeleg  ”fair play”.

- Ta ei runde rundt bana før kampen, ønskje alle velkomen!

- Sjå til at Fair Play helsing vert gjennomført før og etter kamp.

- Dialog med dommar før og etter kamp. Spesielt om dommaren er ung og urutinert.

- Ha ein positiv oppmerksomhet på begge foreldregruppen.

- Bruke foreldrevettsreglene/ grøne kort om det ikkje er positiv stemning rundt kampen.

- Avslutte kampen med å ønskje gjestande lag velkomen tilbake

Kampvertprosjektet er eit resultat av NFF og SFFK si satsing på Fair Play.