Toppfotball Sunnfjord

2001. Første gang Eikefjord Toppfotball ble arrangert. Lillestrøm og Sogndal barka saman på Eikefjord Stadion 14. juli. Lillestrøm blei dessutan i Eikefjord fire dagar der dei gjennomførte siste oppkøyringa før haustsesongen.

TOPPFOTBALL 2010


TOPPFOTBALL 2008

ImageImageI år vert det mogleg å meske seg med sild i kystbyen samstundes som ein kan sjå eliteserielaga Brann og Ålesund i kamp på Florø Stadion den 18. juni. Seinare, den 22 juni, møtast Brann og Molde i Førde.  ImageRagnar Langedal og Anders Ole Sunnarvik, som arbeider med Toppfotball Sunnfjord”, er særs nøgde med å kunne tilby folket i regionen ein fotballfest av dei sjeldne. Dei arbeidar med prosjektet på vegne av Eikefjord IL- fotball. Arrangementet blir ein dugnad fordelt på eldsjeler i klubbane Eikefjord, Florø og Førde. Eit overskot er for EIL meint å gå til oppgradering av tribune samt å kunne byggje ny tribune ved kunstgrassbana. Dessutan spørs det om ikkje eit etterlengta ”matchur” no etter kvart kjem på plass.. Brann vil ha eit treningsopphald med varigheit av ein veke i kystbyen. Mykje av dette kjem til å føregå i Eikefjord- so her vert det mogleg å komme spelarane ”tett på”. Utan tvil vil det verte mange impulsar å hente for dei håpefulle som velgar å fylgje treningane deira. Spelarane skal til fjells, nærare bestemt Blånipa, ei god treningsøkt for dei aller fleste. Ikkje minst eit avbrekk frå det vante. Vidare er det signalisert laksefiske og eit opplegg rundt det å kunne meistre det opphavlege skotske spelet golf.

Når so er sagt so blir det hardnakka påstått at golf ikkje kan ha vore av skotsk opphav. Dette grunna ein skotte umogeleg ville ha funne opp eit spel kor han risikerte å tape ballen.

Signala i frå Bergen er at Brann møtar med toppa lag av di dei skal ut i spel om kvalifisering til Champions League like etter treing-/kamp- opphaldet avsluttast i Sunnfjordregionen.  Tradisjone tro flgjer nok “pressa” i frå storbyane med laga for å dekkje nyhende. Slik sett vert begge byane i fogderiet satt på kartet og både Førde og Florø får ein unik moglegheit til å marknadsføre seg sjølve.

Det vil truleg merkast at dei omtalte laga kjem Sunnfjord. Med seg følgjer nok nokre av dei mest trufaste supportarane. Det gjenstår sjølvsagt å sjå kor mange frå høvesvis ”Bataljonen”, ”Tornekrattet” og ikkje minst ”Stormen” som kjem. Alt i alt er det duka for fest- so er det opp til laga å stå for underhaldninga.