Kongleriket miniputt 8. mai!

Det er meldt strålande sol denne dagen. Alt du treng å vite finn ein her!

Sundag 8. mai inviterer Eikefjord Fotball til den fyrste av i alt fire av datoane Kongleriket miniputt turneringar vert arrangert i år. Kampoppsettet for denne komande sundagen i kjem i løpet av kvelden. Kiosken vert open, og  det vert sal av grillmat og FRUKT OG GRØNT.

I år vil ein vektleggje dei fire emna Fair Play, frukt og grønt sal, barn hjelper barn og trafikktrygging. I kvar av dei fire arrangementsrundene skal det vere eit hovudfokus på eit av desse emna, men alle arrangørar skal på same tid drive haldningskapande arbeid i dei tre andre emna også i andre turneringsrundar.

Sundag 08.05 FRUKT OG GRØNT

Sundag 05.06 FAIR PLAY

Sundag 28.08 BARN HJLEPER BARN

Sundag 18.09 TRAFIKKSIKKER KLUBB

HOVUDFOKUS I EIKEFJORD SUNDAG 8. MAI ER ALTSÅ: Frukt og grønt

Sogn og Fjordane FK ønskjer å stå for sunne verdiar og godt kosthald. I lag med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Opplysningskontoret for frukt og grønt tilbyr vi no ei grøn kioskløysing.

Sogn og Fjordane Fotballkrets ønskjer alle miniputtar velkommen til ein ny sesong.

Høg aktivitet, ivrige born, flotte arrangement og mykje publikum gjev ei god ramme. Det tette arrangementet gjev også ein intimitet mellom barn, trenarar og foreldre, som kretsen i lag med klubbane ønskjer å nytte til positivt haldningsskapande arbeid.

Vårt mål er at så mange miniputtar som mogeleg skal få eit flott fotballtilbod og oppleve meistring og trivsel i trening og kamp. Vi har i år redusert talet turneringar frå 10 til 8, for å sikre store nok turneringar og eit godt kamptilbod til alle lag.
SFFK har i år gjennomført ca. 15 klubbkveldar, geografisk fordelt i heile fylket. Vi har sett fokus på barnefotballens verdiar og verkemiddel. Arbeidsverktøyet er NFF sitt nye hefte ”Barnefotball-verdier og virkemiddel”.

Fotball er den største idretten for gutar og jenter, og det er den raskast veksande idretten for jenter? Kretsen sitt mål er å få med like mange jenter som gutar, og vi utfordrar kvar einaste klubb til å stille med reine jentelag. Klubbar som får auka aktivitet kan ettermelde lag til kretsen heile sesongen.

Vi ønskjer at 6 åringane også er med på laget, og alle arrangørklubbar bør ha med påmelding for denne årsklassa. Miniputt turneringane er kretsen sitt obligatoriske tilbod i miniputt, men for å sikre ekstra motiverte lag eit ekstra tilbod, tilbyr i år for første gong friviljug seriespel for 9-10 åringar.

SFFK har i samarbeid med vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane
laga retningslinjer for eit godt arrangement. Det er kampen som er sentrum for borna sin aktivitet, og gode opplevingar gjev meir motivasjon.
Vi vektlegg haldningsskapande tema i kvar arrangementsrunde, men vi understrekar at alle arrangørar skal drive Fair Play, frukt og grønt sal og trafikktrygging også i andre turneringsrundar.
Eit nytt tema i år er ”barn hjelper barn”. Miniputtspelarane i Sogn og Fjordane får no sjansen i lag krets/NFF/Norsk Folkehjelp å følgje opp og hjelpe Hong Tien landsbyen i Huong Tra distriktet. Hong Tien er ei slagmark frå Vietnam-krigen (1954 til 1975).
Tida er no inne for å måle krefter med andre, men hugs at over kampen om poenga står respekten for kvarandre, andre spelarar, leiarar og dommarar.

Hugs også at Fair Play er meir enn gule og raude kort, det handlar om framferda mot andre.

Ha ein feiande flott sesong, og vi vonar at fotballengasjement, glede og flotte arrangement
gjer at endå fleire får lyst til å vere med.

Sogn og Fjordane FK

Her finn ein alt ein treng å vite om miniputt turneringane i Sogn og Fjordane i 2011!

Statistikk
Miniputtbrosjyra
Temadager: Frukt og Grønt, Fair Play, Barn hjelper Barn og Trygg Trafikk
Dømming
God Miniputt-fotball
Premiering
Seriespel 9-10 åringar
Minimerke