Damelaget 2010

Eikefjord stiller med damelag i 2010!

Eikefjord har i dei siste fem åra hatt mange jenter på omtrent same alder som har trent og spelt organisert fotball. Dette har vore ein kjekk og treningsvillig gjeng. Fyrst spelte jentene i aldersgruppa som ein kallar småjenter, før dei vart jenter.

I dei to siste sesongane har jentelaget, med hjelp i frå nokre jenter i frå Svelgen, spelt fotball på stor bane og 11 jenter på bana. Dette er fotballgruppa svært stolt av då ein kan seie at Eikefjord er ikkje akkurat noko bysenter på linje med nabo Florø og Førde.

Miks av unge og litt eldre

Fem av desse jentene er fødd i 93, det vil seie at frå komande sesong vert desse spelarane det ein kallar damespelarar. Jentene fødd i 94 og i 95 kan også spele på damelaget. I tillegg så er det fleire eldre spelarar i frå Eikefjorden som har spelt på damelaget til Tambarskjelvar. Tambarskjelvar stiller ikkje damelag i 2010, så desse spelarane kjem tilbake og vert med Eikefjord komande sesong. Ein har også nokre litt eldre damer i frå mellom anna småjentelaget i frå 1987 som og ville vere med damelaget. Ein må nemne at dette småjentelaget i frå 1987 vart krinsmeistrar, så her er det mykje talent som garantert kjem til å få seg ein ny vår!

Florø Sportsklubb kjem ikkje til å stille damelag  i 2010. Dei har nokre jenter som spelar på Bremanger, men kanskje er det nokre jenter og damer der ute i kystbyen som ynskjer å spele fotball, men ikkje ynskjer den lange reisevegen. Då er Eikefjord sitt damelag eit godt alternativ.

Fotballgruppa i Eikefjord har i dei siste to sesongane satsa friskt på aldersbestemt fotball. No vil ein også satse på damefotball. Så dette kjem til å verte særs spanande, så her er det berre å fylgje med vidare.

PS. Er det nokon i frå til dømes Florø, Svelgen, Hyen  og Naustdal som også ynskjer å vere med oss i denne sesongen er det berre å hive seg med. Dette gjeld og jentespelarar, då Eikefjord har og jentelag. Jentene kjem då til å verte fint matcha både på jentelaget og damelaget.