Trygg trafikk!

SJÅ OPP FOR DENNE JENTA!

Som bilist vil du truleg oppdage denne jenta. Ta ein kik på speedometeret, før det er for seint.  Foto:  Statens vegvesen.

Eikefjord Fotball har ingen å miste!

Ein vil difor oppmode alle om å køyre forsiktig. Med fotballen i fylket er det spesielt mange born og unge som skal til og frå trening og kamp. Ein finn born og unge både gåande og syklande langs vegen og på parkeringplassar, samt dei som er passasjerar i bilane.

Sogn og Fjordane Fotballkrets reknar med at i løpet av eitt år så flyttar omtrent  13000 personar på seg i frå A til B for å delta på  trening eller kamp i Sogn og Fjordane.  Dette er om lag 10 % av alle innbyggjarar i heile fylket.

I løpet av eitt år her i fylket så vert det arrangert ein stad i mellom 7000-10000 fotballkampar.

Kretsen har i mange år teke trafikktryggleik på alvor. Kretsen si oppgåve er difor  å få klubbane i fylket skal gjere det same. Ein har difor hatt samarbeid med mellom anna Trygg Trafikk, politet og Statens vegvesen. På større arrangement har kretsen vore til stades i lag med dei ulike samarbeidspartnarane for å ta hand om parkering, samt kampar knytt til 16. mai.

For å hindre ulukker har kretsen nokre råd:

-Reis mest mogleg kollektiv eller bruk klubbuss.

Må du likevel køyre bil, så gjer fylgjande:

-Berekn god tid

-Køyr kolonne, dvs å køyre mest mogleg i lag

-Hugs bilbelte