Krav om politiattest i Eikefjord Fotball

Kvifor leggje fram politiattest?

Styret i Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at alle innan norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneheld eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga er gjeldande frå  1. januar 2009.  

I Eikefjord fotball blir ordninga handtert på følgjande måte

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneheld eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal legge fram politiattest.  

Dette gjerast i samråd med Hilde Føleide Dalberg som har ansvar for politiattestar i idrettslaget. Representanten har teieplikt overfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar ho får kjennskap til.   

Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare har førelegg/dømt for brot på føresegna i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje mogelegheit til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Det er gratis å søkje om politiattest.

Kva skjer om eg ikkje har lyst å framvise politiattest?

Personar som ikkje har lagt fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneheld eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Korleis søkje?

  1. Last ned og skriv ut følgjande skjema – Vedlegg til søknad om politiattest.
  2. Fyll inn namn og fødselsnummer.
  3. Skann ferdig utfyllt dokument – evt. ta et godt bilde med mobilen.
  4. Gå til https://attest.politi.no/ og logg inn med MinID eller BankID.
  5. Klikk på “Søknad om politiattest”.
  6. Velg kategori “Frivillige organisasjoner” og formål “Frivillige organisasjoner”.
  7. Legg ved skanning/bilde av bekreftelse på formål.
  8. Send søknad.

Kva gjer eg med motatt politiattest?

  1. Har du Digipost eller EBoks så får du politiattesten automatisk der.
  2. Har du ikkje Digipost eller EBoks so kjem politiattesten per post.
  3. Politiattesten kan skannes og sendes til hilde.dalberg(a)gmail(dot)com – eller framvises personlig til:

Hilde Føleide Dalberg
917 22 924
Vikavegen 40
6940 Eikefjord