Velkommen til Kongleriket miniputt 10. juni 2018

Vi ønskjer velkommen til ein ny og feiande flott Kongleriket Miniputt-sesong og søndag 10. juni er det klart for 2. runde i Kongleriket Miniputt 2018. Eikefjord fotball er klare til å ta imot fotballglade miniputtar.

Kampoppsett for Kongleriket Miniputt i Eikefjord 10. juni

OBS! Dersom det skulle skje endringar i kampoppsettet i siste liten så har du disse oppdatert her på nett. Du vil IKKJE få disse oppdatert på en papirutskrift.

Parkering

Du kan setje bilen ved grasbana eller på Nesjane industriområde. Frå Nesjane er det ein kort spasertur gjennom skogen på den fine stien vår bort til idrettsparken. Vi oppmodar særleg dei som kjem frå Florø om å benytte Nesjane til parkering. Det blir sett opp skilt langs vegen, i tillegg til parkeringsvakter, som vil vise veg.

parkeirng

Mat

Nista kan du leggje igjen heime. I Eikefjord har vi grillane varme og det blir sal av hamburgarar, pølser og sunne alternativ. I tillegg har vi kiosk med fruktbeger, vafler og andre kioskvarer. Betaling skjer med kontantar eller Vipps.

Kongleriket Miniputt er for barn mellom 6-10 år, der høg aktivitet og fotballglede i trygge rammar, står i fokus! I barnefotballen er jamnbyrdigheit viktig, der alle skal spele like mykje og alle barn skal bli sett!

Litt om kampoppsettet søndag 10. juni i Eikefjord

  • Alle lag spelar fire kampar kvar
  • Kampane varar i 13 min. Det er 2 min pause mellom kvar kamp

Sunn idrettsmat for små fotballspelarar er hovudfokus i 2. runde!

Vi har fått med oss NFF og Bama med på laget og set ekstra fokus på sunne kioskløysingar denne dagen.

Vi ønskjer miniputtane våre og alle som skal vere tilstades på stadion denne dagen ein strålande miniputt-søndag!