Fair Play

Eikefjord Fotball med fokus på Fair Play

Vi i Eikefjord Fotball vil heile tida etter beste evne prøve å skape Fair Play i klubben vår.

Fair Play pris under Norway Cup 2009

Klubben har i fleire år teke Fair Play på alvor. Dette fekk klubben eit synleg prov på i 2009 då gutelaget vann Fair Play pris på Norway Cup dette året.

I 2009 var det nemleg eit stort fokus på Fair Play under Norway Cup. I klasse A, B og Q vart det difor kåra ein pris til det laget som synte best Fair Play under dei tre innleiande kampane. Gutelaget til Eikefjord, som den sumaren spelte i klasse B, vann denne prisen i skarp konkurranse med fleire hundre lag. Gutelaget og Eikefjord Fotball kan med rette kalle seg årets Fair Play-lag dette året. Ein var difor særs nøgd då fotballpresident Sondre Kåfjord delte ut prisen til stolte spelarar og leiarar. Fotballpresidenten delte og ut og drikkeflasker og blå luer med Fair Play logo til spelarane.

Eigen Fair Play pris

Denne prisen ein fekk på Ekebersletta 2009 gjorde til at klubben har arbeidd enno hardare for å fremme Fair Play. Til dømes  oppretta klubben same året ein eigen Fair Play pris til den den gutespelaren og den jentespelaren som gjennom sesongen har vore ein god ambassadør for Fair Play. Utdelinga gjekk føre seg på festen til aldersfastlagd, og jentespelaren og gutespelaren som dette året vann, kunne hente ein pokal pokal og eit gåvekort pålydande 800,-. På denne festen vart det og delt ut drikkeflasker og blå luer til alle spelarane på fastlagde lag, samt at ein fortalde litt i kring Fair Play i  samband med denne utdelinga.

Året etter, i 2010, vart denne prisen også delt ut på fotballfesten til aldersfastlagd, samt at ein delte ut F air Play drikkeflasker og luer til alle spelarane.

Marius og Elin vann Fair Play prisen i 2010.

På den aldersbestemte festen i 2011, var det ein spelar i frå smågutelaget og ein spelar i frå småjentelaget fekk årets Fair Flay pris. I tillegg fekk alle spelarane Fair Play-diplom og Fair Play medalje.

Bilete

Viktoria og Kristoffer stakk av med Fair Play prisane i år. Redaksjonen gratulerer.

På fotballfesten

På senior var det og delt ut Fair Play-pris til ein damespelar og ein herrespelar.

Den Store Fair Play Dagen

Fair Play Cup vart arrangert for heile Eikefjord barne-og undomsskule 04.11.11

Les kva lokalavisa Firdaposten skriv om saka

Fair Play skilt

Dette skiltet under her heng i heime- og bortegarderoba.

Dei tre skilta under her heng på veggen i garderobebygget:

Og dette heng på kiosken på kunstgrasbana:

Kontrakt

Alle dei aldersbestemte laga på ungdomsskuletrinnetsamt alle seniorspelarane til Eikefjord, har i år skrive under på ein Fair Play kontrakt. Ein har og hatt møte med smågutelaget og småjentelaget i forkant av kontraktskrivinga.

Fair Play kamp

I år har ein og fått lov å arrangere månadens fair play kamp. Denne var seriekampen mellom smågutelaget til Eikefjord og Førde.

Her er det kretsen sin representant som informerer begge laga om Fair Play før kampstart. Etter kampen fekk spelarane is medan ein snakka om korleis kampen hadde vore.

Velkomen til bana vår

Kampvertane ynskjer velkomen.

På Eikefjord sine seniorkampar og aldersfastlagde lag vert publikum, dommar og bortelag teke i mot av kampvertane våre. Kampvertane har på seg gule vestar merka med Fair Play logo. Kampvertane er tilstades og er synlige under heile arrangementet. Ei av fleire oppgåver til kampvertane er mellom å ta i mot dommarar og bortelag på ein skikkelig måte.

På alle seniorkampane har ein og open kiosk, og på dei fleste av alderfastlagde kampane er det òg kiosksal. På alle kampane vert det servert kaffe.

Kampvert


På alle heimekampane skal det vere kampvertar med eigne vestar.

Desse vestane er merka med Fair Play logo og skal brukast i samband med arrangement av heimekampar i aldersfastlagde klassar, samt på seniorkampar til Eikefjord. Dette er for at ramma rundt arrangementa skal verte mest mogleg prega av Fair Play.

Vestane finn ein i kassa inne på kontoret til banemamm Even Hamn, og skal leggjast der rett etter bruk.

Som kampvert skal du:

– Kampvertane skal være til stades og være synlige under heile arrangementet.

– Kampvertane har ansvar for å ta i mot dommarar og bortelag på ein skikkelig måte.

– Kampvertane legge til rette for at ramma rundt kampen vert prega av mest mogeleg  ”fair play”.

– Ta ei runde rundt bana før kampen, ønskje alle velkomen!

– Sjå til at Fair Play helsing vert gjennomført før og etter kamp.

– Dialog med dommar før og etter kamp. Spesielt om dommaren er ung og urutinert.

– Ha ein positiv oppmerksomhet på begge foreldregruppen.

– Bruke foreldrevettsreglene/ grøne kort om det ikkje er positiv stemning rundt kampen.

– Avslutte kampen med å ønskje gjestande lag velkomen tilbake

Kampvertprosjektet er eit resultat av NFF og SFFK si satsing på Fair Play.

Usikker på kva du les? Då er det nok på tide å kome seg til optikar. I mellomtida så kan du berre trykkje ein gong på denne plakaten, så kjem teksten litt større:)