Minibussen til Eikefjord fotball har plass til 16 personar, inkl. sjåføren, og er ein både kjekk, sosial, økonomisk og miljøvennleg måte å reise på. Minibussen vår er ikkje alltid i bruk. Så skal laget ditt, eller organisasjonen din, på tur? Send oss ein uforpliktande forespørsel om han er ledig den dagen, eller dei dagane, dykk treng han.

Kontakt Bjørn Erik Haveland på e-post .

  • Kven gjeld forespørselen for?
  • Kva dag/dager ønskjer dykk å låne den?
  • Navn og telefon på kontaktperson?

Eikefjord Fotball kjøpte seg buss med god hjelp i frå Sparebanken Sogn og Fjordane for nokre år sidan. Denne vert brukt av alle laga våre, samt at den også vert leigd ut til andre lag og organisasjonar i bygda. Andre klubbar har til dømes nytta seg av bussen når ein har reist på Norway Cup og liknande turar. Eikefjord barne-og ungdomsskule har også lånt denne til ulike arrangement både i og utanfor skuletida.

Gåvemidler frå  Sparebanken Sogn og Fjordane på heile 100 000 kr, samt lån i frå banken har gjort dette innkjøpet av buss mogleg. Fotballgruppa  er svært  takknemlege for at banken gav så mykje pengar  til dette.