To raude kort og tap mot Svelgen i årets første treningskamp

To raude kort og tap mot Svelgen i årets første treningskamp

SVELGEN (EIKEFJORD-FOTBALL.NO) (Svelgen – Eikefjord 4-1) Herrelaget til Eikefjord, som foreløbig blir leia av Håvard Mjølkeråen, tok turen til Svelgen i onsdag ettermiddag for årets første treningskamp.

Med mange nye ansikt i troppen og store rokkeringar gjennom kampen, og på tross av at det blei tap og 4-1 til Svelgen, så var Mjølkeråen positivt overraska etter kampen. Heldigvis er det fortsatt rimelig tidleg på året og god tid fram til alvoret blir sparka igong med Eikefjord Cup 2019. I løpet av 90+ minuttar så rakk Eikefjord å spele på seg to raude kort. Det var muligens for å halde varmen i det småruskete Svelgen-været at unge eikefjordingar blei litt ivringe. Sidan dette var treningskamp fikk Eikefjord likevel spele heile kampen med 11 mann.