Superlaurdag og 50-årsfest

Superlaurdag og 50-årsfest

Bli med på Superlaurdag i hallen med Yngvar Andersen. På kvelden blir det fest for jubilanten Eikefjord Idrettlag. Bli med du og!

Som bursdagspresang til bygda ynskjer Eikefjord IL å invitere til foredrag og trening med Yngvar Andersen – Trener, Gründer, Foredragsholder, Forfatter og Blogger. Yngvar er kjent frå tv-seriane ”Bedre Puls”, ”To Buksestørrelser ned” og ”Alle har et Idrettstalent” på NRK1. Han vert jamleg brukt som motivator og treningsekspert i media.

Før arrangementet starter kan ein delta på INC Løpskarusell på Storebru. Denne starter kl 12.00. Meir informasjon om dette finn ein på Facebook.

KL. 14.00
”BERRE GJER DA”.
Med Yngvar Andersen. Eit foredrag om å komme i gang med trening no! GRATIS for alle. Stad: Fleirbrukshallen.

KL. 16.00
TRENING.
Med Yngvar Andersen. GRATIS for alle. – Passer for alle nivå, øvelsar for alle. Bli med, eller sitt på tribuna og følg med!
Stad: Fleirbrukshallen.

Kl 19.00 JUBILEUMSFEST I ALLHUSET

42996799_1909939505764888_8527481648642523136_n

Seinare på kvelden – kl. 19.00 er det Jubileumsfest på Allhuset. Servering av mat og drikke, det vert høve til å kjøpe mineralvatn, vin og øl.

Program:
– Velkommen
– Eikefjord IL’s historie
– Taler og helsinger
– Mat
– ”Bazar” og Quiz
– Gode historier – som du vil dele med oss
– Fest

Påmelding på til festen gjer du ved å sende SMS til 480 24 999.
Pris: 200kr per person.