Kongleriket miniputturnering søndag 10. juni i Eikefjord

Kongleriket miniputturnering søndag 10. juni i Eikefjord

Eikefjord cup kom og gjekk. 17. mai er for lengst over. Men dette er å regne som ein liten sammekomst av gode kompisar i forhold til Kongleriket miniputturnering som sparkast i gong søndag 10. juni. Dette er dagen då innbyggjartalet i Eikefjord tredoblar seg. Dei to siste åra har det delteke over 80 lag og vi har hatt totalt ca. 1500 besøkjande innom portane per år. Ole Jacob Endestad kallar hendinga for Eikefjorddagane i miniformat – noko som ikkje er ein dårleg samanlikning.

For at besøkjande, spelarar, trenarar og oppmenn skal få litt oversikt så har vi oppretta ei eiga side for turneinga eikefjord-fotball.no med litt relevant informasjon – inkl. kampoppsettet. Ein finn same side ved å gå til eikefjord-fotball.no og klikke på “Kongleriket 10. juni” i menyen.

Vi gjer trenarar, foreldre og spelarar oppmerksamme på at det ikkje alltid er enkelt å lage kampoppsett som er 100 % effektivt for alle lag. Nokre vil til tider oppleve at kampane kjem litt tett. Dette gjeld særlig dei laga der einskilde spelarar spelar på to lag. Nokre vil nok lure på kvifor kampane til laget deira er spredt utover et så langt tidsrom. Vi kan ikkje anna enn å beklage på førehand og anbefale at dykk tek livet med ro denne dagen i Eikefjord. Dette er tross alt barna sin dag og dei vil garantert kose seg frå start til slutt.

Vel møtt!