Jentene vann fyrste seriekampen

Jentene vann fyrste seriekampen

J 13/14 kom under 3-2 til pause heime mot Gaular, men kjempa seg tilbake og vann ein sterk 6-5 siger i ein jamn kamp.

Jentene synte god moral og jobba for kvarandre i heile kampen. Innsatsen gjorde at jentene var best i spel, kom til flest sjansar og laga mest mål i den andre omgangen. Akkurat nok mål til siger og tre poeng.

2018 J 13 14 Kamp Heime Serie Gaular (14)

2018 J 13 14 Kamp Heime Serie Gaular (6)

Det var mange sjansar i kampen, og det var ein del tøffe duellar. Keeparane til Eikefjorden hadde fleire gode redningar, samt at forsvarane gjorde ein god jobb ein mot ein. Dei heilt framme på bana synte godt angrepsspel i periodar der ein prøvde å spele ballen til kvarandre og kome på nye løp. Dette var ein lagsiger. Det var kjekt å sjå at jentene turde å prøve. Det viktigaste er nemleg innsats, samt at ein tør å prøve den gode pasninga, tørå ville ha ball, tør å skyte og tør  ta driblinga.

Dette var ein lagsiger der alle jobba for alle. Innsatsen skal jentene ta med seg inn i neste kamp. Jentene har fredagen som sin kampdag. Kiosken var open, og begge laga fekk frukt etter kampen. Det var gledeleg å sjå så mange tilskodarar på tribuna.

2018 J 13 14 Kamp Heime Serie Gaular (3)

2018 J 13 14 Kamp Heime Serie Gaular (16)

2018 J 13 14 Kamp Heime Serie Gaular (2)