Heimelaget vart vinnar av Eikefjord Cup 2018

Heimelaget vart vinnar av Eikefjord Cup 2018

Eikefjorden slo Tempo 1-0 i ein underhaldande finale i Kvalvika.

Buba skåra 1-0 for heimelaget då han åleine med keeper dribla vekk sisteskansen og enkelt sette ballen i det tomme buret. I motsett ende av bana stod Marcus om ein levande vegg. 

d

På stillinga 1-0 etter 75 spelte minutt fekk Temp straffe. Spelaren på Tempo tok fart og sende av garde eit skot og heile stadion trudde at no vart det utlikning. Marcus ville det annleis. Som ein katt spratt Tonheimstranda sin store son mot ballen og redda ballen ut til corner. Marcus hadde mange svært gode redningar i dag og tilskodarane og spelarane trudde ikkje det dei såg av keeperen, ballen ville ikkje over streken. Det vart ein underhaldande finale og den siste omgangen hadde begge lag mange moglegheiter til å avgjere. Då dommaren bles i fløyta for siste gong vart det klart at bøndene i fjorden stod att som vinnar av sin eigen cup 2018.

Eikefjord starta med fylgjande lag: Marcus Tonheim, Jakob Guddal Hansen, Erling Austreim, Trygve Samdal, Geir Vatnamo, Øyvind Sørbø, Joakim Barlund, Fuad Uddin,  Abdi (Mohamed Aadan), Marius Hovland og Buba Kamaso

Benken: Andreas Hopen, Petter Langedal, Sondre Løkkebø Nybø, Torbjørn Endestad, Andreas Knapskog. Alle på benken fekk som vanleg mykje speletid.

Eikefjord starta klart best dei fyrste ti minutta og ein spelte ball og ein kom til ein halvsjanse etter ei svært kort stund. Tempo virka litt til å liggje lågt i starten. Men så vakna bortelaget og dei fekk til nokre halvsjansar og utover i omgangen kom dei farleg til på kantane og fekk lagt inn eller kom på skot. To av skota gjekk mellom anna i stanga og bygutane var farleg frampå ved fleire høve.

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (3)

Likevel må ein seie at heimelaget var fortent i føringa med tanke på spel og sjansar etter den fyrste omgangen, det var eit spelande heimelag publikum fekk sjå. Buba utnytta farleg pasningspel hjå Tempo og åleine med keeper gjorde han ingen feil og runda keeperen og sette ballen i mål.

I den andre omgangen vart det stigande temperatur der spelarane hadde ein del armbruk og litt etterslengjarar, dommarane hadde ikkje så lett oppgåve sånn sett. Begge lag ville vinne. Hjå heimelaget stod keeper Markus Tonheim ein svært god kamp. Begge lag hadde stangskot  i den andre omgangen og det vart ein jamn 2. omgang. Eikefjorden fekk mange kontringar dei kunne og burde ha fått mål på. Heimelaget vart og meir og meir slitne, og det vart meir lange ballar og og klarering. Noko som gjorde at Tempo kom meir med i kampen.    Tempo sende og etterkvart mange ballar i feltet og dei fekk del cornerar på slutten av kampen. Etter ei dårleg klarering i Eikefjord-feltet etter 75 spelte minutt så fekk Tempo straffespark som Marcus redda meisterleg.

Alt i alt var det 2018 A-lag Eikefjord Cup finale (1)ein jamn 2. omgang der begge lag trykka på for å vinne og det vart ein del duellar på midtbana. Etter kampen fekk spelarane medalje og kaptein Erling Austreim gjekk fram og mottok pokalen som synleg prov på at Eikefjorden hadde vunne. Erling vart og kåra til turneringa sin beste spelar, men pokalen gav han rett til Marcus.

Ein vil takke Tempo for ein god finale, og ein vil takke Jølster, Askvoll, Anga og Tambar som og deltok og ein vil takke dommarane, kioskvertane og ikkje minst publikum. Eikefjord Cup sin eigen general, Per-Øyvind Sørbø,  var bortreist denne helga til øya der kenguruane. Det gjekk no fint det og, sonen Øyvind tok grep og leia tangotrøyene til siger.

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (4)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (18)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (15)

 

Så får vi tru at når Per-Øyvind kjem hoppande attende at tankane allereie er på Eikefjord Cup 2019 slik at vi også neste vår får sjå sleivspark, spark og glitrande redningar i Kvalvika.

 

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (2)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (6)2018 A-lag Eikefjord Cup finale (7)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (8)2018 A-lag Eikefjord Cup finale (9)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (11)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (10)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (12)2018 A-lag Eikefjord Cup finale (13)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (14)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (16)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (17)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (19)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (20)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (21)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (22)2018 A-lag Eikefjord Cup finale (23)

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (24)

 

2018 A-lag Eikefjord Cup finale (27)2018 A-lag Eikefjord Cup finale (26)