Sjekk denne redninga!

Sjekk denne redninga!

KVALVIKA (eikefjord-fotball.no) (Eikefjord-Tempo 1–0) På stillinga 1-0 etter 75 spelte minutt i finale i Eikefjord Cup mellom heimelaget og Temo fekk Temp straffe. Spelaren på Tempo tok fart og sende av garde eit skot og heile stadion trudde at no vart det utlikning.

Marcus ville det annleis. Som ein katt spratt Tonheimstranda sin store son mot ballen og redda ballen ut til corner. Marcus hadde mange svært gode redningar i dag og tilskodarane og spelarane trudde ikkje det dei såg av keeperen, ballen ville ikkje over streken. Det vart ein underhaldande finale og den siste omgangen hadde begge lag mange moglegheiter til å avgjere. Då dommaren bles i fløyta for siste gong vart det klart at bøndene i fjorden stod att som vinnar av sin eigen cup 2018. Bubba sette inn vinnarmålet.