Eikefjord Cup 2018: Kva skjer i dag?

Eikefjord Cup 2018: Kva skjer i dag?

Finaledagen er her. Det skal skiljast mellom menn og mus. Seks lag er klare til å visa seg fram frå si beste side. Først ute er Tambarskjelvar mot Askvoll og Holmedal kl. 11. Dei skal spele om 5. plassen. Bronsefinalen skal spelast mellom Anga og Jølster kl. 13.

Så…er det finale kl. 15:00 (møt opp i god tid) mellom naborivalane Tempo og Eikefjord. Mange vil seie at dette er ein draumefinale. Tempo vant heile Eikefjord cup i fjor – og no møter dei eit sugent heimelag som er klar for kamp. Dette vil du ikkje gå glipp av.

Det vert premie til 1. og 2. plass – samt turneringens spelar.

Været er mykje det samme som i går, men som Per-Øyvind Sørbø pleier å seie “det er ingenting som er kjekkare enn å sjå fotballkamp i ruskevær i gode varme og tørre klede”.

Eikefjord fotball ønskjer lag og publikum velkommen!

Finaledagen spelast slik
Kl. 11:00 Tambarskjelvar – Askvoll og Holmedal
Kl. 13:00 Anga – Jølster (bronsefinale)
Kl. 15:00 Eikefjord – Tempo (finale)