Klart for finaledagen i Eikefjord Cup 2018

Klart for finaledagen i Eikefjord Cup 2018

Dag 1 er over og publikum har vært vitne til ein fotballflott Eikefjord Cup-dag i (mildt sagt) skiftande vær. Vi har opplevd vind, regn og pittelitt sol. Etter at Eikefjord spelte uavgjort 0-0 mot Jølster i fyrste kampen, og Jølster vann 1-0 mot Askvoll og Holmedal i sin andre kamp, så måtte Eikefjord vinne med å score 2 mål, eller meir, i sin siste kamp mot Askvoll og Holmedal for å nå finalen. Det blei spennande og det gjekk mot 1-0 til Eikefjord, men i det 60’ende minutt kom Bubacar åleine med keeper og satte ballen sikkert i mål og dermed sikra finale for Eikefjord. Der møter dei regjerande mestar Tempo. Anga møter Jølster i bronsefinalen, men kampen om 5. plassen skal gjerast opp mellom Tambarskjelvar og Askvoll og Holmedal.

Vi prøver å summere opp det som har skjedd så langt…

Pulje 1
1. Tempo – 4 poeng
2. Anga – 3 poeng
3. Tambarskjelvar – 1 poeng

Tempo – Tambarskjelvar 1-1
Anga – Tambarskjelvar 3-1
Tempo – Anga 3-1

Pulje 2
1. Eikefjord – 4 poeng (2-0 i målforskjell)
2. Jølster – 4 poeng (1-0 i målforskjell)
3. Askvoll og Holmedal – 0 poeng

Eikefjord – Jølster 0-0
Jølster – Askvoll og Holmedal 1-0
Eikefjord – Askvoll og Holmedal 2-0 (Abdi 20′, Bubacar 60′)

Finaledagen spelast slik
Kl. 11:00 Tambarskjelvar – Askvoll og Holmedal
Kl. 13:00 Anga – Jølster (bronsefinale)
Kl. 15:00 Eikefjord – Tempo (finale)