Småjentene (J 13/14) spelar om KM-tittelen.

Småjentene (J 13/14) spelar om KM-tittelen.

Onsdag 1. nov    kl 17.45 i Eikefjorden:  Eikefjord-Selje/Flatraket.

Sundag 05. nov   kl  14.00 i      Lærdal:   Lærdal-Eikefjord

Jentene set stor pris på om nettopp du kjem på tribuna og heier dei fram til siger i begge kampane.

Vinn dei begge kampane er dei kretsmeistrar 2017.

 

Jentene vann avdelinga si med god margin.  Motstandarane eikefjordingane skal møte i kampen om KM-tittelen er Selje/Flatraket frå Nordfjord og Lærdal frå Sogn.Lærdal slo Selje/Flatraket 8-1 på laurdag.

Vinn eikefjordingane denne kampen på onsdag blir det rein KM-finale mot Lærdal på sundag.

Som ei ekstra gulrot har trenar Hans Endestad lova jentene at dei skal få klippe og ta skjegget hans dersom dei vinn KM-tittelen. Vil du atter sjå ein velstelt Hans Endestad må du stille opp og heie fram jentene.