Småjentene spelar heimekamp i dag fredag 20. oktober 19.00.

Småjentene spelar heimekamp i dag fredag 20. oktober 19.00.

I dag er det Tambar som kjem på vitjing i den siste kamp for sesongen. Jentene hadde sett stor pris om mange hadde teke turen og sett kampen.

Småjentene har spelt så godt i år at dei har vunne avdelinga si og skal spele om KM-tittel mot Lærdal og Selje/Flatraket. Dei kampane går 1. november og 5. november.

I år har jentene teke store steg og blitt og betre. Det er godt samhald i gruppa og stor treningsvilje. Det er ni jenter som til vanleg spelar på laget. I tillegg tek ein med yngre spelarar ved behov.