Siger i siste

Siger i siste

A-laget vann siste kampen og vart vinnar av si avdeling.

Breimsbygda/Jølster 2 vart sendt heim med 11-0 i bagasjen i ruskeveret som var  på bana denne dagen. Slusene opna seg så masse at det eigentleg vart utriveleg for både spelarar og tilskodararar i denne siste kampen i 2017.

Supportarane Hans Erik Hopen og Knut Hamn hadde som vanleg teke turen i Kvalvika. I dag var det dei varme vaflane til Ole som var det store samtaleemnet i pausa. Ole var nemleg både speaker, kokk og kioskvert.

-Ole er flink på kjøkenet, det skal han ha, fortel Hans Erik medan vaflane går ned på høgkant.

-Ja, overraskande gode, legg Knut til medan han smiler og tek på endå meir syltetøy.

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (12)

Hans Erik trivast alltid i Kvalvika.

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (2)

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (8)

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (7)

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (28)

Kampfakta

Eikefjord-Breim/Jølster 2 11-0

Mål:

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (32)

 

Eikefjord stilte med fylgjande tropp:

2017 A-lag Kamp Serie Breimsbygda Heime (31)

Endeleg Kristoffer

Hopen sette ballen i tverrleggjaren/stonga då heimelaget fekk straffespark, så det vart ikkje mål på guten denne gongen heller. Han har diverre bomma litt på målet i heile år kan ein seie. Før det var fem minutt var att av sesongen.  Då skjer det,  ballen over streken og jubelen ville ingen ende ta.

Nøgd trenar

Øyvind stilte opp i dress under lagmøte før kampen.  Planen til Øyvind var å halde ballen i laget og spele ballen fort. Dette fungerte godt må ein seie, med 11-0 hadde vertene ballen naturlegvis mykje.

Trenar Øyvind Sørbø vil takke tilskodarane som kom i dag og takke alle andre som har vore kome på kampane i år. Han fortel at alle spelarane har sett stor pris på tilskodarane igjennom sesongen.

-Eg vil og takke sponsorane for 2017, utan desse hadde ein ikkje hatt fotballaktivitet i bygda, seier han.

-No blir det ei fin tid framover mot jul i den nye hallen, før ein går ut og trenar ute etter nyttår.

 

fair-play

2013 Ser vi deg på kamp kamp Steinvik 4

spons