Eikefjord-Breim/Jølster 2 tysdag 3. oktober kl 19

Eikefjord-Breim/Jølster 2 tysdag 3. oktober kl 19

Det er duka for siste seriekampen for året for dei staute karane på A-laget vårt. I morgon tysdag står nemleg Breimsbygda/Jølster 2 på motsett banehalvdel i flomlyset i Kvalvika. Vi håpar nettopp du tek turen og støttar dei oransjekledde, så får vi ei fin ramme rundt denne kampen og.

Kiosken er open, billetten din er betalt av Steinvik Fiskefarm og i speakerbua serverer DJ Ole variert musikk i frå det tiåret han sjølv var ungdom. Vel møtt!