Siger i siste bortekamp

Siger i siste bortekamp

Eikefjordingane vann komfortabelt 7-1 borte mot Kaupanger 2 tysdag 26. september.

Jobben vart gjort og tre poeng vart med den oransje bussen heimatt. Måla vart laga av Martin, Buba, Steffen, Trygve (2) og Solo (2).

Kampfakta

Kaupanger 2-Eikefjord 1-7 (0-4).

0-1 Martin Agledal 14 min

0-2 Monday Solo 22 minutt

0-3 Trygve Samdal 31 minutt

0-4 Steffen Knutsen 37 minutt

1-4 Kaupanger      54 minutt

1-5 Trygve Rukan 69 minutt

1-6 Monday Solo 75 minutt

1-7 Monday Solo 84 minutt.

Eikefjord stilte med fylgjande lag:

l

Det var ein gjeng med godt humør som sette seg i den oransje bussen i varmen på ettermiddagen tysdag. Spelarane var klare, men ein vesentleg del mangla, nemleg sjåføren. Då vart Bjørn Haveland oppringt,  og med malarkosten i eine handa og mobilen i hi handa svara han ja. Dette var sporty gjort.

På bussen fekk spelarane utdelt mat og drikke, så alle fekk i seg nok næring før kampen. På sånne dagar er det rett i frå skule eller jobb så middagen blir undervegs. I Sogndal vart Torbjørn Endestad plukka opp.

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (1)

Oppvarming.

Bortelaget vann fullt fortent. Ein starta nok ikkje så godt som ein hadde forventa, spelarane var ikkje på og det var masse feilpasningar dei fyrste 10 minutta. Så starta ein gradvis å ta meir og meir over spelet, og det vart litt betre etter det fyrste målet kom.

 Martin opna målkontoen på eit vakkert innlegg frå motsett signert Geir, medan Trygve og Steffen begge sette inn to friskparkperler. Underteikna sa i det Trygve sette foten på ballen at denne går rett i mål, Trygve har ein fin frisparkfot.

Elles hadde oransjetrøyene ein liten periode i den andre omgangen der ein ikkje var på og ein kjempa ikkje nok.

I dag trekk vi fram Martin, Thomas og Solo som får stjerne i sundagsskuleboka, elles får Bjørn Haveland ein gullfisk i den same boka.

Vi tek med at Kaupanger var eit bra vertskap med mykje folk på tribuna, samt både speakerstemme og musikk som kom ut or begge høgtalarane. Buba og Solo spurde fleire gonger kva speakaren sa, lokale sogningar inst i Kaupangerskogen snakkar eksotisk dei og. På vegen heim var det stogg i Sogndal for pizza som vart ete på bussen.

NESTE OG SISTE KAMP FOR SESONGEN GÅR TYSDAG 3. OKTOBER I EIKEFJORDEN KL 19. DÅ ER DET BREIM SOM KJEM PÅ VITJING. VEL MØTT!

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (2)

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (3)

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (4)

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (5)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (6)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (7)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (9)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (10)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (11)

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (12)

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (13)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (14)

 

2017 A-lag Kamp Serie Kaupanger Borte (17)