Open dag på Steinvik i morgon 27. mai.

Open dag på Steinvik i morgon 27. mai.

OPEN DAG på STEINVIK FISKEFARM VISNINGSSENTER MORGONLAURDAG 27. MAI KL  11-17.

Dette er det 7. året på rad at Steinvik arrangerer Open Dag sidan visningssenteret vart opna i 2011.

Besøkande og etterspurnad beviser at arrangementet  er liv laga og veldig populært. Også er det eit familiearrangement med både inngang og alle aktivitetar gratis for alle.

HUGS : GRATIS INNGANG FOR ALLE !

steinvik7

Ein har sikra seg uansett ver, med rikeleg med sitteplassar inne og ute. Det vert telt ute, og varmelamper inne i hallen.

KOM, SJÅ OG OPPLEV : Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors- stand, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige ROGNKJEKSA med, og det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting kan også dukka opp.

Sjå også: www.steinvik.no

Sjå Facebook

Kyst.no

Steinvik er ein av sponsorane våre, dette er vi særs glade for.

Open Dag 2013

2013 Ser vi deg på kamp kamp Steinvik 5

2013 Ser vi deg på kamp kamp Steinvik 4