– Ein skandale at ingen scorar hattrick

– Ein skandale at ingen scorar hattrick

EIKEFJORD (eikefjord-fotball.no)(Eikefjord – Breimsbygda/Jølster 2 10-0) Samarbeidslaget Breimsbygda/Jølster 2 fekk kjenna på 5. divisjonsnivå då dei vitja Eikefjorden 9. mai.

Før dommaren bles av etter 90 minutt hadde bortelaget sluppet inn heile ti (10) mål i ein kamp der eikefjordingane varta opp med festfotball. Heimepublikumet blei etterkvart så bortskjemte at ein kunne høyre uttalelsar som “det er ein skandale at ingen scorar hattrick i dag” og “nei, det blir nok ikkje meir enn ti mål til Eikefjord i dag”.

Tre eikefjordingar hadde ein god mulighet til å få med seg matchballen heim (dvs. Ole Jacob hadde nok stoppa vedkommande) – Joakim, Erling og Thomas – men ingen greidde å putte sin tredje for dagen. Breimsbygda/Jølster 2 meinte på si side at Eikefjord ikkje hadde noko i 6. divisjon å gjere slik som dei spelte – og det var mykje fint spel og gode kombinasjonar å sjå på heimelaget. I tillegg la Eikefjord ingenting i mellom i duellane og kjempa om kvar einasta ball. For sjølv om bøndene frå Breim og Jølster 2 spelemessig kunne måle seg med Eikefjord så var dei store og sterke – og viste musklar meir enn ein gong.

Eikefjord står dermed med to sigrar av to mulige, og trenarteamet Hovland/Sørbø har fått ein fin start på årets sesong.

1-0 (12′) Joakim Løkkebø Barlund
2-0 (20′) Erling Austrheim
3-0 (22′) Øyvind Sørbø
4-0 (30′) Joakim Løkkebø Barlund
5-0 (31′) Thomas Berhane
6-0 (36′) Mats Hovland
7-0 (47′) Bjørnar Øren
8-0 (60′) Thomas Berhane
9-0 (65′) Erling Austrheim
10-0 (89′) Trygve Samdal