Starta sesongen med bortesiger

Starta sesongen med bortesiger

HYEN (eikefjord-fotball.no) (Hyen – Eikefjord 4-5) Herrene drog det lengste strået i serieopninga for 2017-sesongen borte mot Hyen.

Dei to laga fulgte kvarandre tett med mål av Austrheim, Thomas Øren, Sørbø (Øyvind) og Samdal etter 1. omgang på stillinga 2-4 til bortelaget. I 2. omgang reduserte heimelaget til 3-4 i det 49. minutt for å bevare litt av spenninga. Etter 79 minutt var Trygve Samdal på hugget igjen og sette inn Eikefjord sitt 5. mål for dagen, men nok ein gong skulle Hyen skape litt spenning med 4-5 i det 83. minutt. Men det blei ikkje fleire mål og det nye trenarteamet kunne dermed juble for full pott etter 1. serierunde mot “nabo” Hyen. Både Hovland og Sørbø (Øyvind) spelte kampen.

Fyrste heimekamp er fyrstkommande tirsdag (9. mai) mot Breimsbygda / Jølster 2 og billetten din er som vanleg forhåndsbetalt av Alex Vassbotten hjå Steinvik Fiskefarm – så det er bare til å ta med heile slekta for å støtte bygda sine fotball-heltar. Vel møtt!

Vi beklagar om det skulle førekomme feil i kampreferatet då dette er basert på dommar Einar Arne Eimhjellen sin kamprapport.