Kongleriket miniputturnering søndag 30. april i Eikefjord

Kongleriket miniputturnering søndag 30. april i Eikefjord

Støvet etter Eikefjord cup har nettopp lagt seg, men dette er å regne som ein liten sammekomst av gode kompisar i forhold til Eikefjord sin Kongleriket miniputturnering som har avspark søndag 30. april. Dei to siste åra har det delteke over 80 lag og totalt ca. 1500 besøkjande innom portane til Eikefjord idrettspark kvart år. Ole Jacob kallar hendinga for Eikefjorddagane i miniformat – noko som ikkje er ein dårleg samanlikning.

Vi har oppretta ei eiga side for turneinga her på eikefjord-fotball.no med litt relevant informasjon. Heilt nederst vil ein også finna kampoppsettet for dagen.

Vel møtt!