Vann med løyperekord

Vann med løyperekord

Bilete: Jan Arve Heimseter

Eikefjord sin midtbanemotor fekk diplom for beste herreløpar i Solheimsløpet 2011, samt diplom for ny løyperekord.

Midtbanespelar på Eikefjord, den 18 år gamle Øyvind Sørbø, vann Solheimsløpet 2011 med rekordtida 15.09.

Motbakkeløpet Solheimsløpet vart avvikla i går onsdag kveld. Løpet gjekk i frå riksvegen på Solheim i Hyen til Solheimstøylen. For dei som ikkje veit kor Solheim ligg,  så svingar ein altså av riksveg 5 ved Storebrua og fylgjer vegen i retning Hyen i om lag 15 minutt. Der vert ein møtt av eit slitt og gamalt blått skilt der det står Solheim med grå bokstavar. Då veit ein at ein er komen til naturperla i Vestre Hyen.

Det var mange som tok ikkje deltok på sjølve konkurransen, men heller valde å gå opp litt på førehand i dette flotte terrenget, slik at ein kunne heie langs løypa. Det tek omtrent 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen.

Oppe på Solheimstøylen vart det kiosk med sal av pølser, brus, vatn og sjokolade. Det vart og tent bål så her vert ein triveleg kveld for gamal og ung.

To eikefjordingar på pallen

I herreklassa kom  Odd Arne Hamre på andre plass, medan eikefjordingen Geir Tore Leversund tok ein fin tredjeplass.

-Dette var veldig kjekt å vere med på, fortel Øyvind i ein kommentar.

Vidare fortel han at det var berre tilfeldig at han vart med på dette løpet, då han fekk spørsmål om å hive seg med berre ein time før løpet starta.

Fotballspelarar har kondisjon

Det har ofte vore slik at friidrettsutøvarar gjerne seier at fotballspelarar er dumme som sauer og er svært lita trena. Dette siste er iallefall prova å ikkje stemme no då Øyvind spelar på Eikefjord sitt A-lag.  Mellom anna deltok og Førde sin Are Gunnar Korsvoll med ein omgang fotball mot Tippeligamotstand i beina i frå dagen før, også han kom høgt på lista.

Vi tek med at Solheimsløpet er eit samarbeid mellom Hyen IL friidrettsgruppa og bygdelaget på Solheim.

Les “Før løpet” på eikefjord.net , medan ein kan sjå kva Hyen IL skreiv om dette her.