Trykkemajoren

Bilete: Erik Birkeflet heilt til venstre.

Erik Birkeflet har teke ein liten prat med seg sjølv om si rolle som trykkemajoren i Sogndal Fotball.

Nokre av titlane til dei tilsette i Sogndal Fotball er dagleg leiar, prosjekleiar og eigedomsjef. Ein  tittel som derimot skil seg ut, er den så smått fantastiske tittelen trykkemajor.

Ordet er ditt, Erik Birkeflet, versågod.

Namn: Erik Birkeflet.

Alder: Eg er 27 år gamal.

Jobb: Sogndal Fotball

Oppvaksen: Høyanger.

trykkje [trykke] -r, -kte, -kt (jf gsv þrykkja; smh med tru(g)e; tyd. 3 etter ty. drucken)

1        presse, klemme, støyte, skuve t- inn ruta / t- på knappen / skoen t-r / truge med å t- ein flat / t- noko i hop, saman / t- handa til ein ta ein i handa / t- (nokon) til seg òg: gjere seg svært til vens med, skamrose / t- seg inn til nokon / t- på følgje tett på (og skyve, t d i ein kø) / det t-r for brystet / t- til ein støyte, slå

2        kue, halde nede

3        framstille (publikasjon, skrift e l av) bokstavar el. bilete med handpresse el. spesiell maskin; prente t- bokstavar, bilete, bøker, aviser / trykte typar / t- mønster på stoff

Er det noko i utdraget ovanfor som har med den flotte tittelen min å gjere:

-Det må i tilfelle vere «trykke bokstavar,el bilete, merke med handpresse el spesiel maskin». Det var så og seie den fyrste oppgåva eg fekk når eg kom til Sogndal Fotball for 4 år sidan. Eg hugsar det var plagg til Fjellsport Festivalen det året som var den fyrste kunden.

Kva andre oppgåver gjer eg i løpet av ein arbeidsdag:

-Ein arbeidsdag, ja. Eg har ein så privilegert jobb at eg har aldri hatt to dagar som er like. For det fyrste kjem det heilt an på kva som skjer på Campus den dagen, som me i Sogndal Fotball har ansvaret for å arrangere.

-Den einaste faste oppgåva mi er utpost og intern post rundt om på Fosshaugane Campus. Under sesongen er det som regel 10 timars arbeid på sjølve kampdagen. Einskilde helger må ein i tillegg arbeide dagen før kamp for å få klargjere alt. Elles er det klargjering av diverse møte, seminar og mindre arrangement i møtelokala våre.

Kor var eg då Tommy Øren steig i vèret som ein ørn og sikra Sogndal Tippeligakontrakt ein mørk og regnfull haustdag i hovudstaden hausten 2000:

-I baksete på ein bil på ein eller annan veg her i Sogn. Best hugsar eg tunnelen der det gjekk så rasande fort for å få inn att signala frå P1 og radiosporten på hi sida.

Og kor var eg då Tommy Øren ti år seinare dribla av Raio Piiroja, sette ballen sikkert i mål og sikra Sogndal Tippeligakontrakt for 2011:

-I den kampen var eg faktisk i Klokkesving-kiosken (der storskjermen står no) og jobba. Dette er noko eg må, om ikkje dugnadsfolka som har fått innkalling til å stå i kiosken ikkje møtar opp. Dette skjer sjeldent då, heldigvis. Så då vart eg ståande med FFK – supportarane og trøysta dei.

-Heile kroppen skalv av begeistring då målet til Tommy gjekk inn, sjølv om det ikkje gjekk opp for meg at me var i Tippeligaen 2011 før nokre dagar seinare. Absolutt eit av dei betre minna som skjedde på Fosshaugdn denne flotte onsdagskvelden.

Favorittspelar på Sogndal:

-Det har eg faktisk ikkje. Men om eg må svara, vert det vel Even (Hovland). Lokal helt nr 1.

-Ellers var det kjekt å vera kollega med Knut Christansen, da han jobba for klubben. Han hadde alltid eit smil på lur og mange artige kommentarar. Daniel Lubieniecki, som er tilsett på drift i klubben, vil eg og gjerne nemna.

Favoritt feriestad:

-Eg må seia Sogndal, men eg vil og nemna Bergen der eg har reist ein del til i oppveksten. Dei siste åra har det vore mykje konsertar der.

-Elles er heimstaden Høyanger noko for seg sjølv då.

Namn på ein Sogndal-spelar eg aldri gløymer:

-Jukka Hakala

Kva plass hamnar Sogndal på  år:

-Hata igrunn å tippa. Som regel tek eg feil. Men av og til blir da blinkskot, noko gjerne av negativ konsekvens. Men rundt 10. plassen bør vera realistisk, om me finn vegen ti masken oftare, og ikkje tømma oss bak.

-Takk for praten, Erik.

-Sjølv takk, du.