Bilete er henta i frå heimekampen mot Florø.
Vinterserien junior herrar:
Eikefjord og Stryn delte poenga på kunstgrasbana i Eikefjorden i dag. To minutt på overtid fekk Stryn inn sitt andre mål i kampen så resultatet vart tilsutt 2-2 (1-0).
Eikefjord hadde mykje godt spel i den fyrste omgangen, og i fylgje rapportane så var heimelaget uheldig som fekk mål i mot heilt på slutten av kampen. Sondre Nybø og Marius Hovland hadde til dømes mnage fine kombinasjonar. Heimelaget skulle heilt kalrt hatt fleire mål i denne fyrste omgangen.
I den andre omgangen vart strukturen i laget litt svekka, og spelarane jobba meir ein og ein istaden for eit lag. I den andre omgangen var Stryn best i banespelet, men tangotrøyene hadde fleire moglegheiter til å avgjere kampen.
Kampfakta
Vinterserien junior herrar,
Eikefjord kunstgras,
Eikefjord-Stryn 2-2 (1-0)
Mål:
1-0 Bjørnar Øren 44 min
1-1 55 min
2-1 Joakm Barlund 75 min
2-2 92 min
Eikefjord stilte med fylgjande lag:
Joachim Husevåg
Torbjørn Endestad
Andreas Hopen
Espen Øren
Bjørnar Øren
Joakim Barlund
Mats Hovland
Øyvind Sørbø
Marius Hovland
Sondre Nybø
Benken: (alltid den sterkaste lagdelen) Markus og Tommy.
Stryn sine spelarar og målscorarar finn ein på haugenfotball.no her









