Sverige sitt J 15 landslag trena og på bana vår på føremiddagen i går.
Sjølv om det ikkje var noko kjekt å tape for Norge med eit mål, så var stemninga svært god i den svenske leiren. På torsdag var det klart for revansje. I den fyrste kampen hadde dei gule og blå ein god fyrste omgang, medan i den andre omgangen hadde Norge litt større og fleire målsjansar.
Den svenske lagleiinga var svært nøgd med opphaldet her i Norge. Gode treningstilhøveog bra hotell var berre to av fleire ting leiarane nemnde. Ingen av dei hadde vore her på vestlandet før så dei var sjølvsagt imponert over naturen her. På ettermiddagen var det klart for tur rundt i Sunnfjord for å sjå seg om.




















