Sett saman nokre trøndarar, ein vestlending, ein spinngalen østfolding og vips å har du trenarteamet rundt G 15 landslaget til Norge. Her er dei vorte foreviga etter treninga i Eikefjorden på føremiddagen i dag.
Mellom anna ser ein kjenningane Christer Basma, Terje Skjeldestad og Øyvind Nilsen. Østfoldingen Nilsen er hovudtrenar for årets G 15, og har vore i trenarapparat i dei yngre landslaga i mange år. I perioden 1993 til 1996 var han trenar til Sogndal.
Det er ein artig og ein særs triveleg gjeng som underteikna har møtt desse dagane på bana i Eikefjorden. Sjølvsagt er det mykje alvor rundt ei landslagssamling, men smilet og den gode kommentaren sit aldri lang unna på desse karane.
Det ser ut som landsspelarane trivast i miljøet rundt trenarane. Og trenarane sjølv ga klart uttrykk for at opphaldet i Førde og i Eikefjorden har vore bra med tanke på baneforhald, hotell og måten dei har vorte teken i mot på.
Vi i Eikefjorden tykkjer det sjølvsagt er stor stas å få vitjing av dei norske og dei svenske landslaga på bana vår. Underteikna har fått eit lite innblikk i korleis treningskvardagen er for spelarane når ein er på samling, noko som har vore veldig interessant. Ein håpar sjølvsagt at Førde og Eikfjorden ein gong seinare vert brukt til slike samlingar i frå dei yngre landslaga.









