Det var ein svært nøgd gjeng som vart teke bilete av rett etter treninga var ferdig.
No har begge landslaga G 15 og J 15 gjennomført to økter kvar, ei på føremiddagen og ei på ettermiddagen på bana i Eikefjorden. Begge laga var svært så nøgde med grasbana, trass alt vatnet som har fossa i frå himmelen i dei siste dagane. Banemann Even Hamn skal atter ein gong ha ros for arbeidet han har gjort med bana.
I morgon tysdag skal jentene ha ei roleg trening på føremiddagen i Gaular. Seinare på kvelden vert det kamp mot søta syster i Førde kl 17.30. Søta syster på si side kjem til Eikefjorden for å trene i morgon kl 11.00. Gutane skal spele mot kvarandre kl 15.00 i Førde.
Då er det berre å ynskje begge landslaga våre lukke til i morgon og oppmode om at flest mogleg tek turen til Førde for å sjå desse kampane.
PS. Når vi har fått så storfint besøk i frå sjølvaste hovudstaden, så ser vi i redaksjonen som vår oppgåve å spre litt kultur i frå vår eigen heimstad. I dag er det ordet “nøgd” som står på timeplanen. Nøgd =adj -gd el. -gt, -gde (pf pt av III nøye) tilfreds, fornøgd fulln- / misn- / smån- / vere n- med noko / vere n- med lite greie seg med lite / vere like n- like glad
Her er køyreplanen for tysdagen for alle fire laga:
Tysdag
Kl 11.00-13.00 J15 Norge . trening Sande/Osen
Kl 11.00-13.00 J15 Sverige trening i Eikefjorden
Kl 15.00 Kamp Norge – Sverige G15. Kampen går i Førde.
Kl 17.30 Kamp Norge – Sverige J15. Kampen går i Førde.
Usikker på kva du ser på biletet under? Då er det nok på tide å kome seg til optikar. I mellomtida så kan du berre trykkje ein gong på biletet, så kjem det større:)










