J15 landslaget til Norge vant 1-0 over Sverige, medan gutane vann 3-2 over dei gule og blå.
Norge sitt G 15 landslag har med seg Jacob Storevik i frå Naustdal, medan J 15 landslaget har med seg Sara Eriksen i frå Førde.
Sara debuterte
Sara kom inn på bana litt ut i den andre omgangen på stillinga 1-0 og gjorde sakene sine bra. Ho deburterte soleis på landslaget J 15. Ho vart sett sentralt i bana, og ho hadde mykje fine pasningar som løyste opp spelet. Einskilde av dei lange pasningane hennar fram mot spissane var det det heller lite adresse på, men dette var heilt klart godkjend av den sprudlande jenta i frå Førde. Målet til Norge kom midt i den andre omgangen.
Skal ein trekkje fram ein spelar på Sverige, må det vere spelar nummer ni. Ho er ein typisk driblesterk angripar med stor fart og god kontroll på ballen. Ho laga ein del problem for det norske forsvaret. Men ei norsk jente stoppa denne nummer ni ved fleire høve, og det var spelar nummer fem i den raude drakta. Diverre gjekk ho ut midt i den andre omgangen, så då vart det ikkje meir duell mellom desse to.
Sara spelar til vanleg for Førde i damenes 2. divisjon, medan Jacob ha nettopp meldt overgang til Florø. Redasjonen ynskjer begge to lukke til med kamp og trening denne veka.
Jacob fekk ikkje speletid i denne kampen, men kjem til å spele på torsdag.
På torsdag har ein fylgjande kampar i Førde:
15:00 Kamp Norge J 15 – Sverige J15
17:30 Kamp Norge G 15 – Sverige G15











