Øyvind Nilsen tilbake på gamle trakter

Øyvind Nilsen (tv) er mannen som trenar Noreg sitt G 15 landslag. Øyvind Nilsen var trenar for Sogndal i frå 1993 til 1996, ein spanande periode for klubben i frå saftbygda.

Teksten under er direkte saksa i frå heimesida til Sogndal Fotball.

I 1993 kom veslebror Tore Andrè til Sogndal. Han fekk fart på karrieren og suksess i sin første sesong under trenar Øyvind Nilsen. Tore Andrè laga 16 av seriemåla då Sogndal igjen tok steget opp att i eliten hausten 1993. For svenske Rhonny Nilsson var opprykket denne hausten ekstra kjekt. Svensken som i fleire sesongar var påliteleg SIL-kaptein, laga det avgjerande 2-1 målet i bortekampen mot Ski og fekk fortent oppreising etter i periodar å ha vore benkeslitar. Eit fjerde blad Flo, Jarle var og på plass til 1994-sesongen, men hans plass var lenger bak på bana som midtstoppar.

16.  mai denne sesongen kom ein spebygd Eirik Bakke på bana då Sogndal møtte Lillestrøm på Åråsen. Rett nok tapte Sogndal 1-3, men 16-åringen sin debut for Sogndal var starten på ei lang rekkje gledesstunder med Bakke i fem år framover, heilt til Leeds overtok stortalentet sommaren 1999.

Ein liten magisk augneblink frå Åråsen denne mai-kvelden i 1994 var forvarslet på kva som skulle koma frå den kanten. LSK-veteran Tom Guldbrandsen gjekk resolutt til verks då «jyplingen» Eirik Bakke gjorde sin første ballberøring. Men «Bukken» Guldbrandsen bomma stygt og fekk i staden oppleva «Bakke spesial», ein kjapp tunnel med påfølgjande gjennomspel til Tore André Flo som skaut millimetrar utanfor målet til Frode Grodås. Ein ny Bakke i SIL-drakt var i gang!!

Østfold-karen Øyvind Nilsen overtok etter Aabrekk og førte SIL direkte opp i eliteserien. Men etter tidenes verste SIL-innkjøp, med blant anna ei rekkje østfold-spelarar (!), vart det nedrykk igjen i 1994. Det var etter at sesongen hadde bydd på ujamn SIL-innsats og ein sesong prega av «stang ut». Tore Andrè Flo kan stå som døme på det. Fem scoringar mot 16 året før, men ungguten frå Stryn hadde utan tvil vist fram potensialet. Det skulle både Tromsø, Brann, Chelsea, Glasgow Rangers og ikkje minst landslaget få merka seinare!

1994-sesongen kulminerte med ein Hitchcock-kamp i vinterlege omgjevnader på Aspmyra i oktober. Alle som opplevde den spennande kampen mot Bodø/Glimt, gløymer ikkje så lett det dramaet som fann stad oppe i nord. Sogndal måtte vinna, medan Glimt ville halda plassen med uavgjort. Det enda 1-1 etter at Sogndal hadde eventyrlege sjansar i sluttminuttane, særleg ved Håvard Flo og Asle Hillestad. Ja, den same Hillestad skjønar ikkje den dag i dag kvifor han ikkje sette pannebrasken til SIL-corneren eitt minutt før slutt!! Men ballen ville ikkje i mål den dagen, og det var overnervøse Gllimt-spelarar som kunne jubla. I SIL-garedroben var det stille og heller dyster stemning. NRK-reporter Birger Meland hadde det minst like vondt som Håvard Flo og Co då han prøvde å intervjua spelarane!

Men sjølv om spelarar som Håvard og Tore Andrè Flo forlet Sogndal, heldt trenar Nilsen frå Fredrikstad fram på Fosshaugane. Hausten 1996 var det klart for meir SIL-jubel etter kvalik-siger mot Odd. For trenar Nilsen ei stadfesting på at den kursen han valde med Sogndal var rett. Odd Grenland var sjanselause då trioen Eirik Bakke, Eivind Karlsbakk og Bent Apneseth førte an og utklassa telemarkslaget i to kampar.

Ein stor augneblink for Øyvind Nilsen då SIL-gutane gjekk av bana på Odd stadion og laget tok plass på øverste hylle nok ein gong. Med to TV-overførte kampar fekk Sogndal dessutan framifrå reklame.

Det er og og grunn til å nemna Flo-trioen Jostein, Tore André og Håvard sin proff-suksess i utlandet, vel og merka med Sogndal som utgangspunkt for suksessen. Og Sogndal sitt ry som «proffe» i overgangssaker er vel kjent langt utanfor landegrensene. At kvartetten Frode Grodås, Jostein Flo, Tore André Flo og Håvard Flo var med i VM-98 då Norge slo Brasil 2-1 med utlikningsmål av Tore André, er og verdt å ta med når denne fotballhistoria skal skrivast.