Førde 2 vann finalen!

Førde 2 slo Tempo 4-0 i finalen!

Finale Eikefjord Cup 2011

Tempo-Førde 2  0-4  (0-1)

Dommar: Olav Strømsøy

0-1  (etter 21 spelte minutt)

0-2 (Blikra etter 60 spelte minutt)

0-3 (Angedal etter 65 spelte minutt)

0-4 (Våge på straffe etter 88 spelte minutt)

Det var ikkje så mykje sprut over nokon av laga i den fyrste omgangen. Men etter 20 minutt fekk Førde 2 det einaste målet før pause på ei heading.

Spelarane til Tempo tek seg ein velfortent kvil i pausa.

Det same gjorde Førde 2.

I den andre omgangen auka Førde 2 heile tre gonger og kampen ebba ut med 0-4 siger til dei kvitkledde. Etter finalen fekk Førde 2 sin kaptein både klem og pokal. Vi gratulerer Førde 2 som vinnar av Eikefjord Cup 2011!

Her får Tempo sin velfortente pokal som ein god nummer to i Eikefjord Cup 2011. Vi gratulerer!

Også dommaren fekk klem og synleg prov på god innsats!