Eikefjord tapte for Kaupanger!

Eikefjord tapte borte mot Kaupanger med heile 8-0 i den siste kampen for sesongen.

Kampfakta

4.divisjon, Kaupanger kunstgras

Kaupanger-Eikefjord 8-0 (2-0)

I fylgje speakeren på Kaupanger stilte Eikefjord med dette laget:

Markus Njål Tonheim, Geir Atle Vassmo, Bjarte Eikevik, Eirik Endestad, Øyvind Knut Sørbø, Tord Walter Ness, Børge Langestrand, Håvard Mjølkebotten, Erlend Oskar Vannbotn, Dani Brandsøy og Ørjan Midtstrand.

Innbytar: Joakim Barlund, Sondre Langedal og Arnt Olav.

Dani gjekk ut etter 70 minutt, og inn kom Sondre Langedal. Erlend Vannbotn gjekk ut etter 75 minutt, og Joakim Barlund kom inn for han.

Firda var på plass i Kaupanger med livedekning av kampen, dette kan ein sjå her.

Kampreferat

Eikefjord spelte omtrent jamnt med Kaupanger i den fyrste omgangen. Eikefjord var best i dei fyrste 25 minutta, medan Kaupanger hadde eit lite overtak etter dette. Måla, som kom etter 35 og 42 spelte minutt, kom ut av halvsjanser. Det var dårleg press på ballførar i frå midtbana si side, og skota var heller svake. Og, ingen av måla skulle ha kome, fordi ballen var over sidelinja ved det fyrste målet. På det andre målet var det soleklar offside.

I denne kampen var det ikkje noko assistentdommar. Dette tykte bortelaget var litt rart, for i KM-finalen i fjor fekk Eikefjord ikkje assistentdommar grunna av at alle dommarane skulle dømme den siste runda i 4. divisjon.

I den andre omgangen fotsette Eikefjord å spele ball, og no måtte ein framover på bana. Det tredje målet til Kaupanger kom ikkje før etter vel timen spelt. Men herifrå og inn, så klarte bortelaget å sleppe inn heile fem ballar, så sluttresultatet vart tilslutt 8-0.