Eikefjord tapte borte mot Selje!

Vi viser til haugenfotball.no for flotte bilete i frå kampen og Selje, samt kampfakta.

Haugenfotball.no var tilstades under kampen, dette var kjekt då haugenfotball.no har svært høg kvalitet på bileta sine. Så alle bileta i frå kampen er teke av haugenfotball.no

Eikefjord tapte 3-0 mot Selje. Pauseresultatet var 1-0. Bortelaget tapte mykje dueller og var ikkje med i kampen i det heile teke, og ein hadde to målsjanser i kampen. Knapt.

Kampfakta

4. divisjon herrer, Selje Idrettspark, 5. september kl. 13.00


Selje – Eikefjord 3-0 (1-0)
1-0 Joachim Refvik (3. min)
2-0 Joachim Refvik (65. min)
3-0 Joachim Refvik (88. min)

Kort: Ingen

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Assistentdommarar: Vebjørn Nord Haugland, Haugen og Daniel Lotsberg, Haugen

Selje:
Tom Øyvind Solheim
Martin Hove
Espen Nøstdal
Andreas Teigen
Aleksander Corneliusen
Viktor Front (Aleksander Kvernevik 80. min)
Alexander Bickel
Severin Rokne
Rikard Rekdal (Anders Rekdal 86. min)
Gaute Otnes (Idar Taklo 90. min)
Joachim Refvik

Eikefjord:

Nils Olav Opheim
Øyvind Sørbø
Bjarte Eikevik
Håvard Mjølkeråen
Andreas Lid
Sondre Solheim (Arnt Olav Lange 63. min)
Børge Langedal
Tord Ness
Ole Martin Sunnarvik
Tom Rene Ørnehaug
Dani Brandsøy

Kampreferat

Alt såg ut til å liggje til rette for ein fin fotballkamp i naturskjøne Selje. Sola skein, og ungdomen på tribuna laga liv som om ein skulle tru at det var bursdag og 17. mai på ein gong.

Inne i garderoba før kampen fekk bortelaget både frukt og ei kasse brus. Dette var ein nøgd med, spesielt var unge Sørbø heilt i ekstase. Oppveksten på Skaret har nemleg vore prega av hardt arbeid, og Øyvind lærte tidleg at ein ikkje får noko gratis her i verda. Men i dag gjorde han det, og til og med så fekk han låne 20 kr av underteikna, så unge herr Sørbø har vore heldig sånn sett. Verre gjekk det med kampen både for han og resten av laget. Diverre så såg ein at alt i frå fyrste spark på ballen at dette ikkje var dagen for tangotrøyene. Allereie etter to minutt kom ein lang ball i retning midtforsvaret, og brått var spissen til Selje åleine i gjennom. Heldigvis gjekk ikkje ballen i mål. Men to minutt seinare skjedde akkurat det same, men utfallet vart no mål til heimelaget og 1-0. Bortelaget prøver å la ballen gå i den fyrste omgangen, men det stoggar litt opp ute på kantane og på topp. Ved fleire høve spelar ein medspelaren opp i problem, istaden for å gjere det enkelt.

Etter pausa spelar ein betre, Børge og Tord klarer periodevis å spele ball i hatt med Selje si midtbane og får levert ballen fint i frå seg anten ute på kanten eller på topp. Men alt i alt tapte Eikefjord fortent.  Noko meir analyse i frå kampen kjem ikkje, og noko psykoanalyse av spelarane  på kvifor det gjekk slik kjem iallefall ikkje. Ein får ta med seg det positive i frå kampen, gløyme tapet og kome seg vidare. For Eikefjorden vil reise seg att. Alltid.

Les kva Selje skriv om kampen!