Eikefjord tapte 2-3 heime i mot Syril!

Eikefjord tapte 2-3 i sola på Eikefjord Idrettspark i dag! Dani laga begge måla til Eikefjord, og til pause var stillinga 1-1. To straffespark  var mellom anna noko av det publikum fekk sjå.Kampfakta


4.divisjon, Eikefjord Idrettspark

Eikefjord-Syril 2-3 (1-1)

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø. Han var som vanleg god.

Mål:

1-0 Dani Brandsøy etter seks minutt.

1-1 Anders Lunde Hjeltnes etter 30 minutt.

1-2 Cato Aalen på straffe etter 52 minutt.

2-2 Dani Brandsøy på straffe etter 54 minutt.

2-3 Bård Henjum etter vel 70 spelte minutt.

Eirik Endestad og Børge Langedal på Eikefjord fekk gult kort.

Lagoppstilling:

Joakim måtte ut midt i den fyrste omgangen med skade, Andreas Lid kom inn for han. Midt i den nadre omgangen kom Arnt Olav, Geir og Markus inn. Sondre, Børge og Andreas Lid måtte ut.

Les prematchen her!

Kampreferat

Sola skein i frå ein skyfri himmel i Eikefjorden i dag, og alt låg til rette for å sikre den viktige 6.plassen med siger og tre poeng til heimelaget. Ein starta særs bra med 1-0 til Eikefjord allereie etter fem spelte minutt. Tord spelte Dani fint fri, og på skrått hald sette Eikefjord sin toppskårar ballen sikkert bak Syril sin keeper. Med ein slik start tenke publikum på tribuna at her var det  moglegheiter til både to og tre mål før pausa. Slik gjekk det ikkje. Syril jobba seg godt inn i kampen, og ein fekk ein svært så jamn fyrste omgang. Og heilt fortent utlikna Syril etter ein halvtime.Begge lag hadde fleire sjanser til å lage mål i denne omgangen, men 1-1 var pauseresultatet.

I den andre omgangen var det Syril som hadde det meste av spelet, og dei største sjansene. Syril tok leiinga på straffespark, etter ein spelar på Eikefjord stogga eit skot med handa. Få minutt etterpå fekk heimelaget straffespark, og i frå krittmerket gjorde Dani ingen feil og utlikning til 2-2. Dani er no suveren toppskårar for Eikefjord med 14 mål.

Så skjer det fatale, ein spelar i gult får brått ballen på 7 meter, han gjer ingen feil og 2-3 til bortelaget. Eikefjord pressar veldig på i dei siste ti minutta, og har store moglegheiter ved mellom anna ein corner som burde ha gjeve mål og eit skot som gjekk like over.

Alt i alt var dette ein kamp mellom to dårlege lag i dag, der spelet varma så godt som ingen. Heimlaget burde ha klart å halde på eit uavgjortresultat, noko som mest sannsynleg hadde gjort til at Eikefjord hadde sikra denne 6. plassen allereie i dag. Tom Rene og Børge  var dei av spelarane på Eikefjord som utmerka seg i dag, samt Dani som laga begge måla til heimelaget. Tom Rene var den beste spelaren i kampen.

Les kva Firdaposten skriv om kampen