Gutelaget spelte 2-2 heime i mot Dale i går!

Gutelaget spelte 2-2 i mot Dale i går. Den sentrale midtbana, Marius Hovland og Andreas Lid, tok ansvar og laga to fine mål for gutane. Joakim Barlund gjorde nok ein gong ein god jobb i mål i ein sjanserik fotballkamp.

Alle gutane stod på og gjorde ein fin innsats! Gledeleg var det å sjå at ein lot ballen gjere jobben og at ein fekk fart på kula. Tidvis var det mykje bra spel. Ein slo ballen tidleg, og ein gjekk på nytt løp rett etter at ein hadde slått ballen.

Det stod 0-0 langt ute i den fyrste omgangen, men så laga Dale mål, og til pause var stillinga difor 0-1. Etter kvilen vart Mikael felt på 20 meter etter ei litt stygg takling. Marius tok frisparket og ballen gjekk rett i mål, og 1-1. Etter ei tid tok Dale leiinga 2-1, men gutane svara og Andreas Lid vart fint spelt i gjennom, lurte ein mann og sett ballen høgt i nettaket.

Både Eikefjord og Dale hadde fleire sjanser til å lage mål, men då dommaren meinte at noko var noko, hadde ingen av laga klart å lage fleire mål.

Neste kamp  for gutelaget er heime fyrstkomande torsdag kl 18.00 i mot Svelgen.