A-laget skal på tur!

Selje IL – heisen mellom 3. og 4. divisjon

Eikefjord Fotball skal spele borte mot Selje IL på sundag. I vår vann Eikefjord 2-0 heime mot laget i frå vest. Eikefjord forventar ein svært så tøff kamp om poenga denne helga.

For sjølv om fangsten for Selje er slik at laga ligg i kvar sin ende av tabellen, så er ein sikker på at Selje vil kjempe alt dei kan og gjere livet vanskeleg for tangotrøyene. Så eikefjordingane bør ikkje sjå på tabellen, men heller sjå på resultata til Selje. Laget i frå havgapet har sterke uavgjort-kampar på bortebane, og tapa til Selje har som regel berre vore med eitt mål. Så denne kampen er difor heilt open.

Her er referatet i frå vårkampen heime i mot Selje, der er både film og bilete, enjoy.

Selje er eit lag Eikefjord har møtt i seriesamanheng ved fleire høve før denne sesongen, sist var i 2005, då begge laga spelte i 4.divisjon. Selje er eit godt fotballag som har bite seg fast i 3. og 4.divisjon i dei fem siste sesongane. Berre sjå her på:

2010: 4 divisjon

2009: 3.plass i 4.divisjon

2008:   3.divisjon og nedrykk same året

2007: 4.divisjon og opprykk same året

2006: 3.divisjon og nedrykk same året

2005: 4.divisjon og opprykk same året

Selje var nær ved å halde statistikken ved like i fjor, men med plass nummer tre på tabellen så vart det ikkje opprykk til Firdaligaen. Åra 2006 og 2008 var solies to svært så gode år for fotballen i Selje.

Elles så spelar jentelaget i same serie som Selje i år, medan gutelaget møtte Selje i fjor.

Eikefjord Fotballser fram til å ta turen til Selje, og ein håpar på ein fartsfylt og spananade fotballkamp, og ikkje minst håpar ein på ei god tone mellom dommar og dei respektive laga.

Selje er ein eigen kommune, faktisk den kystkommunen som ligg lengst nord i fylket. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Stad er ei halvøy i Selje kommune som stikk ut i havet, og utgjer den nordvestligste delen av fylket vårt. Havet utanfor Stad kallast Stadhavet og er eit farvatn med krevande bølgeforhald for skipsfart. Høg sjø med bølgerefleks fra land gjev vanskelige manøvreringsforhald. Stadhavet er difor kjent som eit av dei mest værharde stadane langs heile norskekysten.

Elles har Selje mange fine strender, ei av dei heiter Hoddevik og her kjem folk langvegsfarande for å surfe.

Fil:Indre Fure, Stadtlandet.jpg

Fil:Stadt Hoddevik.jpg

Stranda på Hoddevik