Eikefjord sitt damelag i 4. divisjon kamp i Hornindal i går. I vår tapte eikefjordingane noko ufortent 3-4 heime, så ein var klar til å revansjere seg. Eikefjord scora fyrst på straffe, og dominerte kampen i byrjinga.
Så gjekk rullegardina ned for tangotrøyene !
Resultatet vart tilslutt 7-1 til heimelaget. Det kjem meir informasjon so snart nervemedisinen og sesong to av “In Treatment” byrjar å gjere utslag på dei to blad Sørbø (trenar og toppskårar-red. anm.) som var tilstades i Honndalen i går. Forhåpentlegvis skjer dette i løpet av dagen slik at desse to atter ein gong kan puste djupt og forklare stille og roleg kva som eigentleg skjedde der oppe.









