Eikefjord gjorde jobben i finvèret på bana på sundag og vann 4-1. Heimelaget fekk ei sjokkopning på kampen, og låg under 0-1 etter fire minutt. Så vakna tangotrøyene, og Børge og Sverre snudde omgangen for heimelaget med eitt mål kvar. Etter kvilen sette Dani inn to mål på slutten av kampen.
Kampfakta
4.divisjon, Eikefjord Idrettspark
Eikefjord-Årdal 2 4-1 (2-1)
0-1 etter fire minutt.
1-1 Børge etter 10 minutt.
2-1 Sverre etter 20 minutt.
3-1 Dani etter 72 minutt.
4-1 Dani etter 80 minutt.
Dommar: Vegard Yndestad.
Videosnutt i frå kampen finn ein her!
Lagoppstilling Eikefjord:
Benken: (Den desidert sterkaste lagdelen)
Byte Eikefjord:
Middtun ut etter 60 minutt. Inn kom Håvard Mjølkeråen. Sverre ut etter 70 minutt.Inn kom Tom Renè.
Referat
Stjernegalleriet gjorde jobben i finvèret på bana på sundag og vann 4-1. Heimelaget fekk ei sjokkopning, og ein var under med 0-1 i målprotokollen allereie etter fire minutt. Så vakna tangotrøyene, og Børge og Sverre snudde kampen i den fyrste omgangen. Etter kvilen sette Dani inn to mål. Dani er toppskårar til Eikefjord i serien med 12 mål.
Verèt var perfekt for fotball i Eikefjorden i dag. Det var passe varmt i veret, bana var ok å spele på med tanke på kor våt og holete ho varetter treninga fredag. Graset var nok i høgste laget, men det passa innbytar Håvard bra som ikkje løfta beina i noko særleg grad då han stort seg var å finne i midtsirkelen. Håvard skal sjølv få lov å trakke midtsirkelen på neste trening. Kommunen kan mest sannsynleg ikkje sjå seg råd til å betale banemeister Even overtidsjobben som må til for å reparere skadeverket Barlinbotten sin store son gjorde med det stakkars graset midt på bana.
Årdal tek avspark i den fyrste omgangen, og bortelaget spelar ballen bakover på bana. Børge pressar forsvaret slik at dei må beine ballen oppover på bana. Eikefjord får deretter frispark midt på bana, og det resulterer i eit hjørnespark til heimelaget etter eit halvt minutt. Dette må seiast å vere ein ok start for heimelaget, så sjokket må ha vore stort for spelarane då Årdal 2 tok leiinga 0-1 etter fire minutt av kampen!! Eit innlegg kjem inn foran målet til Casillas Nils, og Øyvind er heilt åleine etter med to motspelarar på bakerste stolpe og bortelaget er i føringa. Her må ein kunne klare å telje betre, eller å flytte forsvarsrekka eit hakk på tvers.
Kanskje var det denne kalddusjen som måtte til for at heimelaget skulle vakne, for ein byrja å spele ball og gå på løp fine løp i heile den fyrste omgangen. Denne omgangen var mykje betre enn noko av det ein viste i dei to føregåande kampane. No fekk ein tempo i ballen, og forsvaret var flinke til å halde ballen for så å spele ballen oppover i bana til riktig tid. Børge var flink til å møte då ballen vart spelt direkte opp i frå forsvaret, og Dani gjekk på mange fine løp som opna forsvaret til Årdal 2. Og, ein byrja å prate mykje meir ute på bana. Løna kom etter ei fin pasning i frå kaptein Midttun til Børge, som allereie var på løp i gjennom, og vips så var Børge åleine med keeper. Han gjorde ingen feil og 1-1.
2-1 kom etter eit fin markkrypar av Sverre Martin i frå 25 meter. Ballen gjekk inn heilt nede i det venstre hjørne. Kanskje var heimelaget litt heldige der, for keeper burde nok ha teke den ballen. Men mål er mål, og Sverre viser nok ei gong at han set ballen i nota på viktige tidspunkt. Eikefjord laga fleire målsjanser før pause, mellom anna kom Tord åleine med keeper, men på litt skrått hald sette han ballen til side for mål. Og eitt skot vart redda på streken og ut til corner. Men Årdal 2 hadde og eit par sjanser dei lett kunne ha laga mål på. Ved eit høve var ballen kome bak Casillas Nils og var på veg over streken, men han kasta seg så lang han var og fekk akkurat redda. Ved eit anna høve vart ballen slått hardt inn rett foran mål, og berre flaks gjorde at ingen av Årdal-spelarane fekk ei tå på ballen.
Den andre omgangen var heller eit lite steg tilbake. Ein starta omgangen bra, og ein avslutta omgangen bra. Men i eit kvarter midt i, så fekk ein ikkje spele til å stemme. Ein klarte ikkje å halde balltemopet oppe, og Årdal 2 kom inn i kampen. Mellom anna får ein motspelar stå heilt åleine, han får ballen og ladar kanona. Øyvind kjem tilbake og inn i kroppen på spelaren, som likevel får til eit skot på mål. Men Casillas Nils gjer ei kjemperedning og får slått ballen over mål og til corner.
Så lagar Dani to mål på slutten av kampen, og det er ikkje lenger noko tvil kor alle tre poenga vil hamne.
Alt i alt så vinn Eikefjord ein heilt fortent siger etter spel og sjansar. Dette Årdal 2-laget var nok eit heilt anna lag enn då ein tapte i vårkampen i Sogn. Men slik er det å møte eit 2.lag, det er nett som å ta lodd på fotballfesten til aldersbestemt, ein veit aldri kva spelarar motstandaren stiller med.
PS. Dersom ein trykkjer to gongjer på eit bilete, vert det eit STORT bilete.





















