Bilete: Benjamin Heimset
Haustsesongen er i gong, og heimelaget klinte like godt til med ein 3-2 siger i mot Askvoll/Holmedal. Børge Langedal laga alle måla til heimelaget. Resultatet var 2-0 til pause.
Gledeleg var det at gutespelar Andreas Lid starta kampen i dag. Andreas vart skada i siste treningskamp før sesongen med gutelaget og har ikkje spelt gutefotball før i juni. Han har trena seg opp i sommar og gjorde ein fin figur i dag. Gledeleg var det og at Tom Renè Ørnehaug kom inn midt i den andre omgangen. Tom Renè kjem vi garantert til å sjå meir til utover sesongen.
Børge laga alle måla i dag.
Eikefjord sin eminente midtbanespelar Jan Kåre Gabrielsen.
Gutespelar Andreas Lid seriedebuterte i dag.
Benken i dag.


Laget:
Nils Olav
Øyvind Bjarte Sigurd Andreas lid
Sondre Tord Ørjan Jan Kåre Ole Marin
Børge
Grunna sjukdom var ikkje underteikna tilstades i dag, men alt om kampen finn i Firdaposten.no
Alle bileta er tekne av Firdaposten ved Benjamin Heimset. Meir bilete finn ein her.













