Eikefjord vann 1-0 borte i mot Skavøypoll!

Sverre Martin Langedal laga målet som sikra at dei oransjekledde tok med seg alle tre poenga heimatt til Eikefjorden!Etter vel 20 minutt ut i kampen får Sverre Martin Langedal eit innlegg på ca 25 meter. På heil volley dunkar han til med venstreslegga, og ballen duppar rett i krysset og 0-1 til bortelaget. Dette vart og sluttresultatet.

Kampfakta

4.divisjon, runde 14, Skavøypoll stadion

Domar: Kaj-Inge Fløde, Stadlandet. Assistentdomar: Muhamet Barlla, Eid og Toni Lotsberg, Haugen.

Skavøypoll-Eikefjord 0-1 (0-1)

Eikefjord sitt lag lag:

Nils Olav Opheim

Øyvind Sørbø           Bjarte Eikevik    Eirik Endestad                  Sigurd Nybø

Tord Ness       Jan Kåre Gabrielsen    Ørjan Middtun   Sverre Martin Langedal

Børge Langedal      Dani Brandsøy

Eikefjord gjorde to byte i kampen, etter 75 minutt kom Tom Rene inn for Dani, medan Ole kom inn for Børge.

Eikefjord fekk to gule, Eirik og Tom Rene.

Prematchen kan du lese her!

Referat

Det vart ei dårleg oppladning til kampen for Børge, Jan Kåre og Tord. Kampen, som Eikefjord fekk framskunda til kl 18.30, måtte likevel starte 18.45. Desse tre spelarane kom difor rett i frå bilen og rett på bana utan nokon som helst  form for oppvarming. Både dommar og trenar til Skavøypoll skal ha ros fordi dei viste Fair Play og gjekk med på å utsetje kampen.

I den fyrste omgangen spelte dei orangekledde fin fotball. Ein hadde god kontroll, og ein let ballen gjere jobben. Børge og Dani hadde ei del sjanser dei heilt klart burde ha laga mål på, så det kunne godt ha vore fleire mål til bortelaget til pause.

I den andre omgangen var det Skavøypoll som hadde det meste av trykket. Eikefjord vart til tider overkøyrt. Ein trilla ikkje ball, og vingane låg vel høgt i denne omgangen. Det vart tøft på kantane, Skavøypoll såg kva som skjedde og dobla kvar gong dei kom i angrep på sidene. Skavøypoll laga ikkje dei heilt store sjansane dei heller, men Nils hadde ei kjemperedning på eit skot i frå 20 meter. På slutten av omgangen tok kaptein Middtun ansvar. Han byrja og rope ned att spelarar slik at dei stod i riktig posisjon, og spelet vart heilt tydeleg betre då.

Einskilde spelarane bør nok få i gang løpsmaskineriet og heve seg betrakteleg til neste kamp.

Men neste kamp er neste kamp, og no i helga skal vi berre glede oss over at vi fekk 3 poeng med oss heim att!! Det er vi nøgd med!!

PS. Bjarte vil ta fram eit anna poeng (poeng, ordspel, tog du han?), og det er det faktum at sjeldan så er det noko angripar som har kome heilt åleine i mot Eikefjord sin keeper. Det skjedde vel i mot Veitastrond og i mot Saga ettersom ein hugsar. Dette tyder på at Eikefjord er godt organisert bakover på bana. Dette var vel ein av grunnane til at ein kunne ta med seg tre poeng i frå Polljen.