Historisk og dramatisk på Leikvoll!

Eit historisk møte mellom Veitastrond og Eikefjord vart spelt sundag 22.august . Dette var fyrste kamp for Eikefjord på Leikvoll, ei bane som må ha dei finaste kulissane i heile Sogn og Fjordane.

Høge fjell og vakker natur omkransa ei verkeleg flott og intim bane. Veitastrond og Eikefjord delte poenga på denne historiske sundagen. Eikefjord sjokkopna og leia 0-2 etter fire minutt! Til pause var stillinga 2-1, og sluttresultatet vart 2-2!

Slaget på Leikvoll

Eikefjordingane såg fortsatt på fjella då det small i stanga etter berre 2 min av kampen. Kurt Heggestad skaut hardt frå distanse og markerte seg med ein gong.

Det var nok dette som skulle til for at oransjetrøyene vakna. To kjappe mål av Dani etter 3 og 4 minutt gav oss ei svært så god oppning. Sverre Martin på det første og Tom Rene på det andre var servitører til Dani.

Deretter hadde vi nokon gode moglegheiter for både eit og to mål til med betre presisjon i den avgjerande pasninga. Men, kampen bølga fram og tilbake og det var ikkje ufortjent at Strondi  reduserte til 1-2 ved Kurt Heggestad. Opprulling på sida og hardt inn foran mål til Kurt var oppskrifta for målet.

Så får Eikefjord får straffe etter felling av Dani, og vi har ein stor moglegheit til ta grep på kampen att. Diverre reddar keeper det litt lause skuddet frå kaptein Eirik  Endestad.   1-2 var resultatet til pause.

Eikefjord brukte pausa til å stramme opp organiseringa av laget. Trenar Bjarte var ikkje nøgd med alt som vart visst i 1.omg. Gutane gjekk på bana med innstilling om å blø for poenga.

2.omg vart ikkje so sjanse rik som første,men begge laga hadde fine muligheter til å score fleire mål.  Eit stykke ut i omgangen fekk Veitastrond straffe. Men det gjekk med dei som med oss –Casilla Nils redda !

Men, Kurt ville det annleis, og frå skrått hald på hjørne av 16 m streken skaut han kjapt og hardt i mål og dermed 2-2 på 10 min att av kampen.

På slutten var det rom og opninger for begge lag , men ein kombinasjon av trøytte bein og heit hode vart for vanskeleg for begge laga.  Sluttresultatet 2-2 gjev eit bra bilete av kampen, og vi er nøgde med eitt poeng på Leikvoll.  Mykje bra å jobbe med inn til neste kamp- heime mot Årdal 2 på komande sundag.

Dommertrioen med Torstein Kvam i spissen gjorde kampen perfekt. Berre ei ripe i lakken på ein feil fordel i 2.omg gjer til at heile trioen får 9 og ikkje 10 på dommer børsen. Ekstra  ros til linjemannen på tilskuarsida som stod rakrygga og vinka perfekt på alt sjølv om heimepublikum stod 10 cm frå han og hadde sine tolkninger. …

Veitastrond er ei særs fin bygd, og vi Eikefjord Fotball håpar at begge laga klarer 6.plassen, slik at vi kan ta turen til Strondi også neste år.

Les Veitastrond sitt fine kampreferat her!

Kampfakta

4.divisjon, Leikvoll Stadion

Veitastrond-Eikefjord 2-2 (2-1)

Mål Eikefjord: Dani etter 3 minutt og 4 minutt.

Mål Veitastrond: Kurt Heggestad 16 minutt og 37 minutt.

Ut på tur-aldri sur-spesielt ikkje når turen går til Veitastrond der lapskausen er klar!

Casillas Nils og dama sit til venstre, medan Øyvind og Sondre sit til høgre.

Casillas Nils er fullt på høgde med sin spanske kollega!

Tom Rene og Jan Kåre er i godt humør som vanleg!

Dani vil gjerne sende ei helsing heim til familien!

Per-Øyvind likte seg godt i Veitastrond.

Og Per-Øyvind vil sende ei helsing til Skaret!

Sondre sit alltid og ser ut glaset og fylgjer med kor vi er i geografien. Så etter å ha vore med A-laget no i eitt år, så kjenner Sondre kvar einaste avkrok i fylket vårt. På neste busstur skal Solheim ha  quizen, og temaet vert sjølvsagt geografi i Sogn og Fjordane.

Ei reise gjennom eit vått fylke, her er det Førde som vert passert.

Ei reise gjennom eit vått fylke i dag, her er det Førde som vert passert.

Ein dag i Jølster er fint dèt, men ikkje i dag!

Ein Jølsterdag kan sikkert vere fin den, men ikkje i dag!

Skei!

Jan Kåre.

Asbjørn køyrer bussen med stødig hand!

Og til slutt var vi framme i Veitastrond!