På onsdag tapte Eikefjord fortent borte i mot Saga!

Saga og Eikefjord avslutta vårsesongen med å tjuvstarte på haustsesongen. Resultat vart 4- o til Saga over tangotrøyene.

Denne kampen tilhøyrer runde nummer 12, og kampen skulle eigentleg ha vore spelt som den fyrste runda etter ferien. Men, som to gode naboklubbar tett i tett, så finn ein løysningar som er bra for begge. Så då vart kampen altså spelt i dag. I det fyrste oppgjeret vann Saga 2-1 heime i Eikefjorden, noko som etter spel og sjansar må kunne seiast å vere eit aldri så lite ran. I den kampen burde alle tre poenga ha vore att i Eikefjorden.

I dag tapte dei oransjekledde heilt fortent, og det var trist å sjå det som var vist ut på bana i dag. Det var lite som stemte, og ein flytta ikkje bein slik ein burde ha gjort i mot eit så godt lag som Saga. Allereie etter 11 minutt fekk Saga det fyrste målet sitt. Ein spelar på Saga fekk gå fleire meter på Eikefjord sine banehalvdel heilt upressa, og han takka og bukka og skaut eit skot som Eikefjord sin keeper nok burde ha teke. Det andre målet til Saga kom etter eit innlegg der to spelarar på Saga kom på løp heilt umarkert inne i feltet til bortelaget. Ballen landa på hovudet til ein av dei to, og vips så var Saga i leiinga med to mål. Saga laga endå eit mål til før kvilen, og etter kvilen punkterte heimelaget kampen med sitt fjerde mål for dagen. Dette vart og sluttresultatet.

Saga gjorde det vanskeleg for Eikefjord i dag, og laget viste kvifor dei ligg på toppen av tabellen. Det var ein fin tone mellom spelarane på dei to dei laga både under og etter kampen, og begge laga ynskte kvarandre lukke til i resten av sesongen. Saga er eit fint lag å spele mot i så måte,  duellane er alltid tøffe, men laget prøver aldri på noko tjuvtriks av noko slag. Eikefjord skulle iallefall ha fått nokre gule kort for fleire stygge takling, og kanskje skulle Saga ha hatt eit og. Ved eit døme burde Midttun ha fått gult kort for å ha kome alt for seint inn i eit takling, men Midttun sa til dommaren at han sklei. Midttun gjekk fri. Om det var grunnen til at han slapp unna kortet veit berre dommaren sjølv, men spelarane på bana fekk ei kjensle av at her var det moglegheiter til å påvirke dommaren. Med rette vart spelarane på Saga irritert i den situasjonen.

Dommar Yndestad hadde difor ein heller dårleg dag på jobb i dag. Han klarte aldri å sette seg i respekt, han var ubesluttsom, ingen kort vart delt ut og han gjorde ein del merkelege ting begge vegar. Diverre. Ved fleire høve så fekk angrepet fortsetje LENGJE ETTER at ballen var spelt opp på personen som stod i offside. Så blåste dommaren.

Elles så må underteikna ta med ein liten artig sak. Det var ikkje nok luft i den eine kampballen, meinte ein av heimelaget sine spelarar då han skulle til å ta eit innkast. Dommaren fekk så kjenne på ballen, og mannen i svart var heilt samd.  Brått fekk lagleiinga til Saga  det svært så travelt med å finne ei ballpumpe, ei ballpumpe som helst då skulle gå på straum. Saga hadde heller ikkje linjeflagg til å bruke på sidelinja, så linjedommar på begge sidene vart heilt gløymd. Til vanleg er det dommaren som kjem bort til benken og seier i frå før kampen at han ynksjer nokon til å gå på linja, men dommar Yndestad gjorde aldri dette før kampen starta. Det var kaptein på Eikefjord, Ørjan Midttun, som tidleg i kampen sa i frå at han ynskja einkvan til å stå på kvar av sidelinjene. Dette vart då gjort, og og vestane til bortelaget vart brukt som flagg. 

Spelarane til Eikefjord bør bruke sommaren til å trene kondisjon og fart, for hausten er lang og spelarane må løpe mykje meir enn det ein gjorde i denne kampen. 

Kampfakta

4.divisjon, 12 runde, Førde stadion på grasbana

Saga-Eikefjord 4-0 (3-0)

Dommar Vegard Yndestad

Gule kort: Ingen

Lagoppstillinga til Eikefjord:

Byte Eikefjord: Ole Martin for Joakim etter 55 minutt. Geir for Marius etter 75 min.

Sjå kva Saga skriv før kampen.

Sjå kva Saga skriv etter kampen.