JAAAAA!
Jentene vann 0-1 borte i mot Loen! Marthe ordna sigeren fem minutt før full tid og jubelen ville ingen ende ta!
Jentekamp mandag 14.Juni
Loen –Eikefjord
Res : 0-1 Marthe Leversund
Pause : 0 -0
Jentene spelte en svært god kamp! Alle spelarane får topp karakter på innsats, smil og speleglede.
Før kampen var nok jentene i frå Loen, iallefall i fylgje seg sjølv, favorittar til å vinne kampen.
Men, frå avspark eikefjordingane heilt på høgde i kampen og vi burde med litt meir dyktigheit ha scora mål i den fyrste omgangen. Elin, Marthe, Marte og Inga hadde store nok sjanser til å score før kvilen.
I den andre omgangen var Loen mykje betre med og pressa bortelaget ved fleire høve. Ein kombinasjon av ein kjempegod Taja i mål og snille stenger hindra dei i å score. Vi hadde og ”panser” forsvar med Eline-Elise og Linnea. Dei gav Loen jentene aldri fred og leverte årsbeste i forsvar!
Og då vart det som trenaren sa i pausa - scorer vi først –vinn vi kampen. 5 min før slutt kjem jubelscena . Langt utspel frå Taja, Elin og Marthe får tak i ballen og samarbeider fint og pang 0-1 –Marthe Leversund.
Stor jubel i bilen heim att med mykje forferdeleg MUSIKK !!!!!!!!!!!!!!
Vurdert av Per-Øyvind










